| Stjerneorientering på
mellomsteget |
|
| Torsdag var det utedag for mellomsteget. På
programmet stod stjerneorientering. Elevane vart delte i fire lag som
måtte innom åtte postar. Postane hadde ulike oppgåver frå tema som vi
har arbeidd med sist perioden. Brøk gjekk greitt, spørsmål om Astrid
Lindgren også. Litt verre var det å tippe rett på vekta av ein stein.
Det var også ei utfordring å forklare ordet konvensjon. Då var det langt enklare å grille pølser rundt bålet på bålplassen. Og kjekt var det å ta seg ut i ballbingen med god hjelp frå Manuel frå ungdomsskulen som hadde "Operasjon Dagsverk" hos oss. Vi lærte ein del og fekk god trim. Nyttig begge deler! |
|
|
|
|
| Klare for start på ny post | Svara blir sjekka og poeng noterte |
|
|
|
| Og vinnarlaget er....... | Jippi!!! Ein ekstra marshmellow til dessert... |
|
|
|
|
|
|