| Skulestart i godver
|
| Sommaren kom til Haramsøya til skulestart.
Fredag nytta vi sjanse til bading på storbåthamna. I tider med lite
symjetrening er slike dagar til svært god hjelp. Og vi hadde det kjekt.
Elevane på mellomsteget er flinke å symje og trygge i vatnet. Det kjem
nok av at foreldra er flinke til å legge ferieturar til stadar med
badetilbod. Og så nyttar vi på skulen alle høve til å bruke fjorden når
veret tillet det. Elles er det svært kjekt å starte skuleåret på ein heilt "ny" skule. Arbeidslaget med Per Arne i spissen har gjort ein kjempejobb! Hurra for dei! Vi gler oss til å vise fram skulen og klasseromma til alle foreldra. Berre stikk innom og sjå kor fint vi har fått det.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|