|
Vinter er kjekt
Sist torsdag var elevane på mellomsteget på skitur til Bendik-bakken
ovanfor Johannesgarden. Snøen blenkte og skein i den vakre vintersola. Vi
hadde med ved, så det vart grilling. Elevane hadde med varm drikke og
godt vinterutstyr, så dagen gjekk fort. For mange var det ei ny erfaring
å gå så langt på ski. "Vi visste ikkje at det var så kjekt å gå på ski,"
var det mange som sa. Under kan du sjå bilete frå turen.
|