| Hyggeleg besøk frå naboskulane |
| Tysdag fekk mellomsteget på Haramsøy skule
besøk av elevane frå mellomstega ved Flem skule og Lepsøy skule. Dei tre
skulane har årlege treff og skiftar på å vere vertskap. I år var det
Haramsøy sin tur. Målet med treffa er at elevane som seinare skal gå i
lag på ungdomsskulen, skal lære kvarandre å kjenne. I tillegg får
elevane sett seg om på naboøyane. Desse
treffa er alltid hyggelege. I år hadde vertselevane laga til ulike
aktivitetar. Først var det ei runde med stjerneorientering ute. Vi delte
dei vel femti elevane i sju alders- og skuleblanda grupper. Dei skulle
finne sju postar og løyse oppgåvene dei møtte der. Det var ikkje så
enkelt å tippe vekta på ein stein. Og kva heiter dei fire største øyane
i Haram kommune, no igjen? Harøy? Valderøy? Der var mange forslag. |
|
|
|
Gruppene vel oppgåver til stjerneorienteringa |
Her skal bytta fyllast berre ved hjelp av hendene. Vatn er kaldt og vått!! |
|
|
|
Oppgåve til gruppe sju: Lag jamvekt! |
Gruppe seks gjer seg klar til å hoppe tau |
|
|
|
Det er travelt å hoppe tau..... |
...og gruppa skulle gjere unna minst hundre hopp til saman. |
|
|
|
Kor mykje veg steinen, tru? Eit kilo? Mindre? |
Og så skulle alle svara festast til papiret i regnveret..Ikkje enkelt! |
|
|
|
Ein blir svolten og tørst av aktivitet! Godt med ei pause til påfyll... |
Pølser med brød er det ikkje mange som seier nei takk til! |
|
|
|
I Nordøyhallen er det.... |
.......kjekt å vere tilskuar..... |
|
|
|
Det er kjekt å vere mange i lag.. |
.....frå ulike skular frå tre øyar... |
|
|
|
God innsats i fotballturneringa |
Elevane sprang så fort at det var vanskeleg å feste på bilete |
|
|
|
Litt av ei fart.... |
......og glimrande teknikk!!! |
|
|
|
Kast og mottak er lurt å trene på! |
Heile flokken med kjekke elevar!! |