Mellomsteget feira musikalsuksess med bytur, bowling og pizza
 
Tidlegare i år framførte elevane på mellomsteget musikalen "Hemmelegheita på loftet". Musikalen vart ein suksess, publikum strøymde på. Pengane som kom inn skulle brukast til ein avslutningstur på slutten av skuleåret. Turen gjekk til Ålesund og Moa. Først var det bowling. Fire lag kjempa om poeng med svært god innsats. Hyggeleg var det at pensjonistane som bowla i lag med oss, gav elevane ros for svært fin oppførsel. Slik kjekk ungdom trefte dei ikkje kvar dag!!

Hard kamp med bowlingkula skjerpa matlysta. Presis til avtalt tid fekk vi servert velsmakande pizza av blide og hyggeleg pizzabakarar. Deretter var det ei lita stund til shopping før buss og hurtigbåt frakta oss heim til Haramsøya. Om det var kjekt? Ja, utan tvil. Både oss lærarane og elevane hadde ein kjempekjekk tur. Desse elevane kan å reise i lag, dei kan å oppføre seg slik at dei er gode ambassadørar for skulen og heimstaden sin. Og ikkje minst, dei tek vare på kvarandre slik at alle får ei god oppleving. God og velfortent ferie til alle og takk for ein hyggeleg tur. Takk for godt samarbeid til foreldra. Og til sjuandeklassingane: Lykke til på ungdomsskulen!!