|
Sist
veke jobba mellomsteget ved Haramsøy skule med førstehjelp og
naudmeldingar. Elevane fekk praktisk øving i kva som skal gjerast om
ulykka er ute. Mini-Anne, øvingsdokka frå Norsk Luftambulanse, fekk
hardhendt behandling. Vidare besøkte elevane ambulansebåten Norskyss og
brannstasjonen på Haramsøy.
Opplæring i livreddande førstehjelp er noko av det viktigaste Norsk
Luftambulanse driv med.
Kvart
år vert om lag tre tusen nordmenn råka av akutt hjartestans. Det skjer
unge menneske på fotballbana, det skjer med aktive folk på tur, det
skjer med naboen og det skjer i mange familiar. Dessverre hender det at
folk døyr. Mange kunne vore redda. Rett innsatsen dei aller første
minutta kan gjere skilnaden. Norsk Luftambulanse ønskjer å redde fleire
liv, men då trengst det hjelp frå så mange som råd. Derfor inviterer
Norsk Luftambulanse alle sjuandeklassingane i landet, om lag 62 000, til
opplæring i hjarte-lungeredning ved praktisk øving på dokka Mini-Anne.
Dokke
til odel og eige
Kvar elev får si dokke å øve på. Etter kurs og øving på skulen, får
elevane med seg dokkene heim til odel og eige. Der skal dei halde kurs
for familie, venner og naboar. Så mange som råd! Skulen rapporterar
tilbake til Norsk Luftambulanse om kor mange som har gjennomgått
opplæringa.
Viktig
å øve
Sist torsdag øvde elevane på mellomsteget på Haramsøy skule på
hjarte-lungeredning ved praktisk øving på dokka Mini-Anne. Elevane trena
på å ringe til naudnummer 113 før dei gjekk i gong med praktisk øving på
dokka. Iveren var stor! Dei lærte at det er travelt å drive livredning.
Det skal eit hardt trykk til for å presse saman hjartet inne i
brystkassa. Men lærerikt og nytting var det, synes televane.
Norskyss
Fredag var det besøk på ambulansebåten Norskyss. Der var det ny runde
med øving på hjarte-lungeredning. Terje Austnes og Steinar Molnes viste
elevane kor mykje utstyr som finst om bord til hjelp for helsepersonell
i ein naudsituasjon. Mellom anna fekk elevane sjå og høyre korleis
hjartestartaren fungerer. Det er svært viktig at Haram kommune har ei
slik flytande og mobil mini-sjukestove med godt kvalifisert mannskap til
disposisjon.
Brannstasjonen på Austnes
På brannstasjonen på Austnes tok Per Moe imot elevane. Han orienterte om
utstyret og viste korleis både pumpe, bil og redningsutstyr skal
brukast. Ikkje minst fekk elevane vite korleis brann oppstår, og kva ein
kan gjere for å unngå brann. Særleg viktig er det å vere påpasseleg no
fram mot jul som er høgsesong for brannar i Noreg. Stor stas var det å
få sitje i den stilige brannbilen, ein 1970-modell Dodge, og prøve
blålyset. Hjelmane til røykdykkane var også stilige, synes televane.
Mange såg nok føre seg ei framtid som brannfolk!
Kjelde: Norsk luftambulanse
Foto
: Haramsøy skule ved Kathrine Fjørtoft og Gunnar Standal
Les
meir på sida til Norsk Luftambulanse:
http://www.forstehjelpiskolen.no/
|