Oppdagingstur med opplæringsbåten "Havung"
 
Torsdag hadde mellomsteget ein skuledag på havet. Arne Tunheim kom på besøk med opplæringsbåten "Havung". Elevane hadde sett fram til denne dagen lenge, for dei veit frå tidlegare år at det blir mykje spennande å sjå og mykje interessant å lære.

Vi delte elevane i to grupper som fekk kvar si garnlenkje å drage. Men først var det ein liten "skuletime". Arne Tunheim er ein engasjert og kunnskapsrik kar som til dagleg arbeider med utdanning av fiskarar på vidaregåande skule i Ålesund. Elevane fekk lære om fornybare og ikkje fornybare ressursar. Rikdommane under havet, oljen, er kortvarige og tek slutt. "Gullgruva vår er sjølve havet. Rikdommane der tek aldri slutt om vi haustar klokt. Då må vi ha flinke og kunnskapsrike folk som arbeider med fisk og fiskeri. Fisk og andre dyr og planter som lever i havet, er svært verdfulle. Vi bruker dei til mat, medisinar og som tilsettingsstoff i ulike produkt. Veit dokke kor mykje landet vårt tener på den fisken vi fører i land berre her på Sunnmøre? Over ti milliardar kroner. Litt av ein verdi!!!

Og tenk kor mange arbeidsplassar fiskeriverksemda skaper. Om bord i ein fiskebåt trengst ei mengd hjelpemiddel både i maskina, på dekk og i styrehuset. Vidare trengst det svært solide reiskapar som not, trål og line. Desse hjelpemidla blir laga av bedrifter på land. Her på Sunnmøre lagar vi verdas best fiskeriprodukt. Det kan vi vere stolte av. "Tenk på kor mange spennande arbeidsoppgåver som ventar på  dokke i framtida," understrekar Tunheim.

Så var det klart for draging. Ei lenkje på tolv garn hadde fiska natta over i Longvafjorden. Stor spenning! Var det fangst i garna? Ja, ein arten etter den andre dukka opp etter kvar som spelet drog opp meter for meter med garn. Torsk, hyse, bleikje, kolkjeft, makrell, hestemakrell, skate, slimål, pigghå, akkar, kråkebolle, krabbe og kreps. Snakk om artsrikdom. Og så var det naturfagtime med bløgging og spretting. Elevane fekk sjå hjarte, blindtarm, milt, galleblære, magesekk og tarm. Frå pigghåen dukka det opp plommesekkar med små håfiskar festa til, for håen før levande ungar. Spennande! Vi fekk sjå nebbet til akkaren på nært hald. Skata og levande pigghå skulle til akvariet i Ålesund.

Hardt arbeid med greiing av garn skjerpar matlysta. Kva stod på menyen, trur du? Jau, sjølvsagt lekker fiskesuppe. Gryta vart heilt tom.....

 

"Veit dokke kvar oljekleda er laga?" Arne spør "Kor lang tid tek det å telje til ti milliardar??"

På veg mot garna Så er blåsa ombord og spelet går

Kveile tau må lærast Er det fisk i garna, tur??

Greie garn og ta ut fisk er mykje hardt arbeid Med mange flinke hjelparar går jobben greitt

Her kjem ei stor pigghå. Pass opp for den skarpe piggen!! Det er enklare å få laus torsk og hyse

Sjøstjerne eller "kørstrøllj", som det heiter på dialekt Ein av dei mange pigghåane som vi fekk

Meir hå Hestemakrell

Sjøkreps Akkar. Vi ser det sterke nebbet tydeleg

Bløgge Sprette

Fisken er sleip og har seigt skinn Fangarmane til akkaren og nebbet midt i sentrum

Kolkjeft med sylkvasse tenner og svart munn. Nydeleg matfisk Plommesekk frå pigghå med ein liten pigghå festa i "navlestrengen"

Rart! Ein eggeplomme gir mat til pigghå-yngelen Augelinsa til ei stor hyse

Kokkane i byssa gjer klar fiskesuppa Måsane venta på restar medan sola dukkar fram i regnet