Glasklar is på Storemyra

Det er svært sjeldan at kvaliteten på natur-is blir slik den er på Storemyra no. Ei glasklar, gjennomsiktig, solid og innbydande ishinne ligg og ventar på alle små og store som vil prøve skeisene. Elevane i femte og sjette klasse kosa seg i alle fall på isflata. Og det var like spennande å sjå gjennom isen på det som var under som å forbetre teknikken på skeisetaka. For fleire av elevane var det første gongen dei prøvde skeiser. Men skulle ein tru det? Nei, etter nokre få famlande forsøk fann dei balansen og kjende for ei kriblande kjensle det er å gli av stad på "stålføter" over vatn som til vanleg er uråd å bevege seg på. Det berre MÅ opplevast! Så folkens: Bruk helga på isen!
 

Det er ikkje alle som er klare over isfossen ovanfor skulen
Speilblank is ligg og ventar
 

Dei første famlande taka....
......så blir elevane sikrare. Øving gjer meister!!
 

Dette var kjekt!!
Greitt å ha ei hand å halde i først!!
 

Utan mat og drikke........
Og så var det ny runde på isen
 

Matematikk på isen: Åtte-tal
Her går det unna!
 

Lurt å sjå kva som ligg under isflata..
Kjekt med is og skeiser!