Det flytande klasserommet Havung

Gjennom støtte frå Næringsfondet har Haram kommune avtale med Arne Tunheim og opplæringsbåten ”Havung”.  Denne avtalen sikrar alle sjetteklassingar i kommunen eit praktisk møte med fjorden, fisket, båten og utstyret som høyrer til. Slik får elevane eit møte med næringa som har sikra og framleis sikrar oss arbeid og velstand. 

Torsdag i veke 42 var det elevane i sjette og sjuande årssteg ved Haramsøy som fekk ein læringsdag på sjøen knytt til praktiske gjeremål der alle sansar er i bruk for å erfare og lære.      


Læringssamtale
Arne Tunheim er lærar og arbeider til dagleg med maritim utdanning i Ålesund. I dette arbeidet er opplæringsbåten ”Havung” viktig. Med start frå fiskerihamna på Austnes ber det i veg mot garndraging ved Røholmane. Etter påkledning med oljeklede, hanskar og redningsvestar, samlar Arne Tunheim elevane rundt. Medan skipper Per Dyp kursar mot garnblåsa, engasjerer Tunheim elevane i ein læringssamtale om fiskeri. Kunnskap og erfaring må til for å bygge båtar, lage utstyr, stelle fisk og ikkje minst selje fisk til 120 ulike land over heile verda.

”Veit dokke at i år kjem vi til å selje fisk for nesten tretten milliardar kroner,” fortel Tunheim. Og så gir han elevane ei utfordring. ”Dersom du tel eitt tal kvart sekund dag og natt, kor lang tid går det å telje til ein milliard?” Det kjem mange forslag. Men det vert stille ei stund når svaret kjem. Rundt 32 år!

 

Kva? Kven? Kvar?

Kva er ein fornybar ressurs? Kva utstyr treng ein fiskebåt? Kven lagar utstyret? Kor sterk må ei snurpenot vere? Kvar blir båtane bygde? Kvar leverer dei fisken? Kven kjøper fisken? Elevane let seg engasjere, og Tunheim får svar. Utstyr blir laga på Longva og fisk blir levert på Flem. Og båtar blir bygd i Brattvåg og i Søvika. Og Mørenot lagar tau og garn. Elevane veit litt av kvart.

 

Spenninga stig

Så er vi framme ved garnblåsa. Spelet startar, og første garnenden nærmar seg. Spenninga stig! Tru kva havet gir oss denne gongen. Der ser eg noko! Mange hender peikar. Krabbar, store og små! Fisk i ulike storleikar! Kolkjeft, hyse, lyr, hå og knurr. Ein stor kreps heng fast! Garnet må greiast. Det er travelt å fjerne krabbe. Og så må vi passe oss for dei nålspisse tennene til kolkjeften. Elevane bløggar, Tunheim spretter og fileterer. Han viser hjarte og lever, milt, galle og magesekk. Ved å skjere opp magesekken lærer vi kva fisken et. Småsild i masse vis er tydelegvis favorittmat.

Gutane ventar på kaikanten Ombord i Havung må Arne og Per greie garna frå første turen

På oljeklede, hanskar og redningsvestar Kor lenge treng vi for å telje til ein milliard? spør Arne Tunheim

Så er vi neste framme ved Røholmane der garnet ventar Krabbe sit godt fast i garnet. Arne viser korleis vi fjernar han

Kreps! Hyse!

Arne spretter fisk og fortel om innvollane. Spennande! Innhaldet i magesekken viser kva fisken et!

Sjå kor mange småsild som var i magesekken til lyren!

Sjå! Gjennom eit hyseauge blir verda snudd på hovudet!