|
Kartdag på
Myskjefjellet |
| Torsdag hadde mellomsteget utedag. Vi har
arbeidd med kart den siste tida. Elevane skal lære å "lese" eit kart og
slik forstå samanhengen mellom terrenget slik det er i verkelegheita, og
det teikna biletet på eit kart. Vi er så heldige at vi har
orienteringskart for området ved skulen og store delar av Myskjafjellet.
Kartet er i målestokk 1 : 5000. Det betyr at kvar centimeter på kartet
er 50 meter i terrenget. Vi brukte kompass for å legge kartet slik at
det peika mot nord. Vidare prøvde vi å rekne ut høgda over havet ved
hjelp av teljekurvene som har ein høgdeforskjell på fem meter mellom
kvar. På turen frå skulen via Røhammar, Storemyrhaugen, Lisjemyra og Varden hadde vi åtte møtepunkt merka av på kartet. Elevane fann alle åtte punkta. Eitt av dei var på steingarden som markerer grensa mellom fjellstykka til Austnes og Åkre. Vi fekk også sjå eit trigonometrisk punkt både på kartet og i verkelegheita då vi rasta på Storemyrhaugen. At det har vore kaldt om nettene den siste tida, merka vi då vi kom til Lisjemyra. Der låg det eit fint lag med heilt klar, stålblank is på vatnet. Den første isen om hausten er alltid spennande å ta på, lukte på og smake på. Det bar vidare til Varden der det litt leiking før vi vandra til skulen att om byggjefeltet. Elevane var raske å kome i gong med Uteboka. Det er alltid mykje å skrive om etter ein utedag. Alle må skrive litt om når, kvar, kven, kva skjedde og kva lærte eg. Det er alltid triveleg å vere på tur i lag med spreke og kjekke elevar. |
|
|
|
|
|
Og vi lærte å orientere kartet mot nord |
|
|
|
|
|
Korleis finn vi ut kvar nord er, no igjen? |
|
|
|
|
På Røhammaren, 181,2 m.o.h., var det matpause og "boksa går" |
|
|
|
|
|
|
Både små og store liker å leike med vatn |
|
|
|
|
|
Støvlane var tette denne gongen også! Best å teste!! |
|
|
|
|
|
Ein tøyer seg langt for ei handfull av første haustisen |
|
|
|
Sjå kor tynn og fin isen er! |
Isen er heilt glasklar! |