| Tur til Moa |
| Sist torsdag reiste elevane på
mellomsteget på klassetur til Ålesund og Moa. Første stopp var bowling
på Baronen i Spjelkavika. Fire lag kjempa mot kvarandre. Innsatsen og
humøret var på topp. Fleire lag med spreke pensjonistar "bowla"
samtidig. Etter kvart kom dei og snakka med oss, den eine etter den
andre. Dei ville rose elevane våre for svært god oppførsel. "Dette er
dei kjekkaste elevane vi nokon gong har hatt her på bowlingen. Dei
oppfører seg fint både mot oss og kvarandre. Og så er dei så blide!" Vi
takka for rosen. Gode ord som gjer godt å høyre! På Moa venta pizza. Matlysta var på topp etter hard kniving med "kulene". Og så var det endeleg lov å gå i lag med gode venner og sjå på tilboda i dei mange butikkane. For mange var dette første handletur utan foreldre og med eigne pengar og eige budsjett. Mange erfarte at det er lettare å bruke andre sine pengar enn sine eigne. Rart med det! Ein blir flink å studere prislappar og tilbod når ein må betale sjølv. Klokka kom fort til tre og retur til Ålesund og hurtigbåten. Vi kontakta Tide dagen før vi reiste og opplyste at skule og barnehage hadde om lag femti personar som skulle heim klokka 16.10. Dermed stilte dei opp med ekstra båt til Austnes for oss. Takk til Tide for flott service! |
|
|
|
| Vi venta litt på bussen på rutebilstasjonen i Ålesund | På veg til Baronen Bowling i Spjelkavika |
|
|
|
Vi fekk bruke banene 3, 4, 5 og 6!! |
Og så var konkurransen i gong..... |
|
|
|
Ikkje noko å seie på stil og innsats..... |
Jentene toppa listene |
![]() |
|
Klart for nytt forsøk med kula......og resultatet vart..... |
.................STRIKE!!!!!!!!!!!!!!!! |
![]() |
|
Alle var samde om at det er kjekt å bowle.. |
....og avkjøle seg med lekker softis til slutt... |