På Myskjafjellet for å sjå på tre og plantar
Torsdag var elevane på mellomsteget på utedag på Myskjafjellet. Vi har hatt om småkryp og ulike typar planter, tre og skog. Derfor passa det godt med ein tur på fjellet. Vi start frå skulen med Røhammaren som mål. På vegen smakte mange tyttebær, krekling (krækjebær) og blokkebær for første gong. Vel framme var det leik, pause med mat og frukt og framføringsoppgåver.

Elevane vart delte inn i fire grupper, og kvar gruppe fekk si oppgåve å lage framføring av. I oppgåvene skulle elevane bruke fagord frå naturfag på ein måte som viste at dei kunne forklare kva orda betyr. Døme på slike ord er barskog, lauvskog, barnål, blåbær, tyttebær, krækjebær, nedbrytarar og så vidare. Gruppene laga både morosame og gode framføringar med godt innhald i fagorda.

Etterpå gjekk turen via Vassverket til Storemyrhaugen. Ved Vassverket fekk vi oppklart kva ei demning er, og korleis Vassverket kom til. Frå Storemyrhaugen gjekk turen til Lisjemyra. Men først gjekk vi gjennom ein mørk granskog. "Ein ekte Harry Potter-skog," meinte ein av elevane. Litt mørk, skummel og stille. Elevane la merke til at det ikkje vaks anna enn litt mose og gauksyre på skogbotnen. Kvifor? Undring er viktig. Vi fekk ein god samtale om kvifor det er slik. No veit vi at sollys er viktig for alt liv.

Etter ein rast på Lisjemyra gjekk siste etappe ned fjellsida til gangvegen i byggjefeltet og til skulen. Elevane var blide og kjekke heile turen. Det er kjekt å ha med ein slik flink og kjekk gjeng på tur. Det vart nok mykje å skrive om i utebøkene.

På veg opp fjellsida frå skulen. Bratt og tungt i starten. Godt med ei pause og tid til å nyte utsikta

Oiiii......masse bær. Blåbær! Tyttebær! Krækjebær! Solvarm bær er søt og lekker

Nammmm!!!!!!!!!! Mellomsteget på Røhammaren der HIL har skilta råsene flott

Framføring med bruk av fagord.....kjekt Her ventar nedbrytarane på ny forsyning barnåler og lauv

Over demninga ved Vassverket Ekte Harry Potter-skog......spooky!!

Alltid kjekt å møte dyr......særleg kattar Endeleg på skulen att og kan kvile trøytte bein