Naturvev og bålmat

På mellomsteget har vi som mål å bli kjende med dei vanlegaste planten og plantefamiliane vi har rundt oss i naturen. Elevane har samla planter langs vegkanten, på enga og i skogen, og dei held på å lage seg herbarium. Vidare veit mange no kva som er forskjellen på kronblad, begerblad og støvberarar. Det er mange nye fagord som skal få innhald.

På utedagen torsdag hadde vi som mål at elevane skulle bruke det som veks i naturen til å lage fargerike naturvevar ute mellom greiner på tre. Elevane arbeidde i grupper på fem og fem, og den eine fargerike veven etter den andre dukka opp. Grøne strå og blad, blomar i gult, rosa, raudt og kvitt smilte mot oss.

Slik aktivitet skjerpar matlysta, og på grillbålet stod over tjue pakkar med lekker "brensenut" og putra og småkokte. Elevane var spente! Ville godbitane innpakka i folie smake godt? Svart melde seg då vi samla oss rundt grillbålet og opna pakkane. Det vart fort stille! Det var berre å nyte vel fortente godbitar. At knotten plaga oss litt, gløymde vi fort!
 

Først klargjorde vi maten inne
Poteter, grønsaker og pølsebitar pakkast inn i folie
 

Alle pakkane på plass på grillrista Endeleg ferdige! Det smakte lekkert!
 


Alle samla til måltid rundt bålplassen
 
Elevane på mellomsteget. Ein kjekk og flink gjeng!


Nesten kvar torsdag får vi besøk av eldstegruppa i barnehagen. Det er ekstra kjekt!
Og det var spennande å sjå støypedugnad for Nordøyhallen!


Naturvev 1
 
Naturvev 2

Naturvev 3
Naturvev 4