| På "fuglejakt" i fjøra |
| Torsdag var mellomsteget på utedag i fjøra. Vi
gjekk tur frå H-Produkter og ut mot Håneset. På vegen tok vi oss god
tid, grilla pølser, leitte etter levande kryp og høyrde etter
fuglelydar. Vi har hatt om dei vanlege fuglane og høyrt på fuglelydar
denne planperioden. Det er ikkje like lett å høyre forskjell på
kråke og måse. Og verre blir det om fuglane er små. I godveret hadde vi
ein fin tur i ei fjøre vi sjeldan går i. |
|
|
|
Glade vandrarar! |
H-Produkter AS på Austnes |
|
|
|
Før var det båtproduksjon i lokala til H-Produkter...... |
.....og det var nytt for alle |
|
|
|
Så vandra vi fjøra utover mot Håneset |
På vegen passerte vi naust, hamner og vørar |
|
|
|
Bål og grilling høyrer med på ein utedag |
Treretters: Pølser, brød og marshmellows. Berre lekkert! |
|
|
|
Det er kjekt å sitje på solvarme steinar og prate |
Eller lette på steinar og leite etter levande småkryp under grisetangen |
|
|
|
Strandkrabbe og steinbityngel |
Tangbrosme |