Landsdelar i sanden
 
Torsdag var mellomsteget på tur til Sjur-Ola-sanden. Denne vekeplanperioden har elevane prosjektarbeid om dei ulike landsdelane i Noreg. Ei av oppgåvene var å bygge modellar av landsdelane i sanden.
Det var ei utfordring å finne materiale som kunne markere elvar, innsjøar, fjordar, byar og fjelltoppar. Men i fjøra finst litt av kvart, og oppfinnsame elevar løyste desse utfordringane med glans. Snart var landsdelane forma, oppgåvene fordelte og presentasjonane klare. Etterpå var det bålkos med bålmat. Lengdehoppkonkurranse vart det også tid til med personlege rekordar på rekke og rad.