Pyramidar i Sjur-Ola-sanden
 
I dag gjekk utedagen til Sjur-Ola-sanden. Vi har hatt om ulike figurar i matematikk og om Josef som vart farao sin rådgjevar i RLE. Då passa det å slå saman læringsmål og bygge geometriske figurar frå farao si tid. Elevane vart delte i fire grupper som bygde kvar sin modell. Dei gamle egyptarane kunne litt av kvart. Den livgjevande elva Nilen fekk elevane også med. Dermed vart det litt geografi også. For ikkje å snakke om forming og øvinga av estetisk sans. Og etter ei hard arbeidsøkt med pyramidebygging og kanalgraving er det alltid godt å samlast rundt eit varmande bål og grille litt mat.