|
Utedag på jakt etter
ulike treslag |
| Sist torsdag var
mellomsteget på trejakt. Vi har hatt om ulike treslag og skogtypar.
Viktige omgrep å lære seg har vore barskog
og lauvskog. Torsdag skulle vi sjå etter
dei vanlege bartrea som vi har på Haramsøya: furu, gran, einer og
lerk. Og vi skulle lære litt om forskjellen på desse trea. Korleis
skal vi forklare forskjellen på gran og furu? På einer og lerk? Samstundes skulle vi lære litt om lauvtrea og sjå om vi fann ut namnet på dei vanlegaste lauvtrea langs vegen: rogn, lønn, selje, asal og bjørk. Dei fin, raude bæra på asalen smakte ikkje like godt som dei såg ut. Turen gjekk langs gangvegen til byggjefeltet, ned til storbåthamna og langs fjøra til småbåthamna. Der trefte vi tøffe "isbadarar" frå ungdomsskulen som kunne fortelje at temperaturen i vatnet var 11 grader. Pluss! På veg til skulen gjekk vi forbi fleire hagar. Og i hagen til Hallgeir, visste vi det stod ein apeskrekk, eit bartre som eigentleg kjem frå Andesfjella i Sør-Amerika. Treet toler den milde vinteren vi har langs kysten i Noreg. Elevane kjende på dei spisse "blada" på greinene. Det skulle ikkje mykje til å stikke seg. Derfor er det lett å forstå kvifor treet kallast apeskrekk. Ikkje noko godt å klatre i, nei! Vel tilbake på skulen i regnveret, var det klart for grilling på bålplassen. Samling rundt eit bål med god mat og varm drikke er alltid like kjekt. Siste timen brukte vi på klasserommet til å skrive og teikne i uteboka. Der fortel elevane om kvar vi har vore, kva vi har gjort og kva vi har lært. Utfordringa er å bruke ein del av fagorda vi har jobba med i det siste. |
|
|
|
Og her har vi ei grein frå lerk! Kva kjenneteiknar lerketreet? |
Asalbær ser fristande ut....men smaken er skuffande! |
|
|
|
På småbåthamna trefte vi isbadarane! |
Elleve varme grader i vatnet, smilte tøffingane! |
|
|
|
| Nålene på
apeskrekk-treet er svært spisse! (Kjelde: Wikimedia) |
Her ser vi apeskrekk i Sør-Amerika (Kjelde: Wikimedia) |
|
|
|
Godt å samlast rundt eit varmt bål i regnveret |
Og smaken av svartgrilla pølser er berre lekker.....nammmm! |
|
|
|
| Vinden styrer bålrøyken alle vegar.... | Og røyken svir skikkeleg i augene |