Leirskule på Ulla Havsportsenter
Onsdag, torsdag og fredag sist veke var elevane på mellomsteget på leirskule på Ulla Havsportsenter. Vi var så heldige at eigar Andreas Ulla inviterte lærarar og elevar til å bruke hus, rom, våtdrakter og båtar som vi ville. Vi hadde tre herlege dagar med mykje bading, fridykking og spennande, fartsfylte turar på bananbåten. Men først måtte alle reie opp sengene sine med putetrekk, dynetrekk og laken. Det var ei stor utfordring for mange.

Så fekk vi kurs i fridykking med Andreas. Han la særleg vekt på tryggleik både under bading, dykking, fisking og båtbruk. Vi utforska Ullaholmen med eineståande bergformasjonar og jettegryter laga av havbåra. Vi besøkte Kvernhomen og Ulla fyr og lærte litt fyrhistorie. Nokre elevar fekk lære knutar og spleising. At fiskelykka ikkje var på topp, fekk våge seg. Ein liten lyr fiska på brua vart fangsten. Grønkrabbane fekk leve vidare i fred. Heldigvis hadde vi sikra oss med pølser og kotelettar til grillmat.

Men først og fremst lærte vi å ha det kjekt i lag, ta omsyn til kvarandre, vere hjelpsame og vente på tur. Vi hadde kjekke fellesmåltid på langbord i midtrommet. Og hyggelegare elevar enn dei på mellomsteget, skal vi leite lenge etter. Ikkje noko tull der i garden! Alle følgde reglane vi hadde vorte samde om. Derfor vart opphaldet svært hyggeleg for alle. Takk til kjekke og flinke elevar! Takk til Andreas for invitasjonen. Takk til Marianne og Kristina som heldt orden på våtdrakter og utstyr. Vi kjem gjerne tilbake til Ulla og havsportsenteret ein annan gong.
 

Laken, pute- og dynetrekk var ei utfordring! Endeleg er sengane klare!

Fellesmåltid på langbord i midtrommet . Matlysta var på topp! Vaflar smakar alltid godt, og ekstra godt på Ulla

Fiskeutstyret må vere i orden. Godt med litt knytehjelp. Det er mykje spennande å sjå under havflata!
Bergformasjonane på Ullaholmen er unike! Og jettegrytene som havbåra har laga er gode å klatre i.
På Kvernholmen er geitene alltid glade for besøk Det er god trim og trening å klatre i berg
Pause på trappa til Ulla fyr Sykkel er flott framkomstmiddel på øyane
Andreas held kurs i tryggleik for elevane. Viktig! Så er "Havørna" på plass for å slepe bananbåten. Spennande! 
Full fart! Alle elevane prøvde.. Hurra kor det går! Kjempegøy!
Hopp i havet! Våtdraktene var kjempegode. Ikkje snakk om å fryse!
Salto frå kaia! Og flott landing!
Om kvelden er det spennande å fridykke med lys som lokkar havdyra Kjekt å prøve å ro og kjenne korleis båten reagerer
Grillen har vorte varm! Det luktar lekkert! Aktivitet skjerpar matlysta....ventetida er lang!
Knutetrenging er fin kveldsaktivitet Spleising er tyngre enn ein skulle tru! Det er berre å prøve....
Kveldsmat smaker godt etter ein lang dag. Det gjekk mange brød.... Godt å ha eit flott rom å kose seg på i lag