| Grilling og leikar |
| Torsdag hadde mellomsteget utedag i strålande
seinsommarver. Sidan vi ikkje har skulekjøkken å bruke, må vi legge "mat
og helse" til utedagane. Denne gongen hadde vi fått tak i lekker laks.
Den enda i foliepakkane i lag med poteter, gulrøter, purreløk, smør og
krydder. "Eg liker ikkje fisk!" Mange elever er sikre i si sak. Dei har
aldri smakt fisk, viser det seg. Og dei endrar fort meining. Medan maten varme seg, var det tid for leikar som "Tante Knute", "Kanonball" og "Boksa går". Det skjerpa matlysta. Etter vel ein halv time over glødande grillkol, var det klart for utpakking. Lekkert! Ein liten klatt rømme på toppen, sette ekstra spiss på smaken. Og alle likte fisk!! |
|
|
|
| Vi jobbar med Norden for tida | Så skal pakkane med laksesnadder gjerast klare. |
|
|
|
| Snakk om flott og beinfri filet | Det er mykje arbeid å skjere poteter og grønsaker i små bitar |
|
|
|
| Tante Knute 1 | Tante Knute 2 |
|
|
|
| Tante Knute 3 | Tante Knute 4 |
|
|
|
Tante Knute 5 |
Endeleg mat!! Fisk er godt!! Og særleg grilla laks!!! |