| Utedag ved Postvøren |
| Torsdag var mellomsteget på utedag ved
Postvøren på Austnes. Vi gjekk fjøra frå skulen. Det nærmar seg jul, og
elevane skal lage kvar sin nisse av stein i kunst og handverk. I fjøra
frå Fiskerihamna til Postvøren er det mykje fin rullestein. Der måtte
alle finne bårepolerte steinar som ved hjelp av lim og fargar skal bli
nissar. No veit alle elevane kvar Postvøren er og kvifor han har fått namnet sitt. I bakken ovanfor fjøra var det glatt gras. Mange fann fort ut at det glatte, visne graset eigna seg godt til aking. Dermed var det stor aktivitet medan vi venta på at bålet skulle blir varmt nok til grilling. På menyen stod pølser med brød. Til dessert var det grilla marshmellows. Vi gjekk tilbake til skulen med mykje tyngre
sekkar enn då vi kom. Stein er faktisk tungt. Ein skyfri himmel med
strålande sol gav oss ein lærerik vinterdag med mange gode opplevingar.
|
|
|
|
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|