|
Fellestur til Lepsøy
Skulane på Flem, Haramsøy og Lepsøy samarbeider i nettverk for å skape
gode læringsmiljø for elevane sine. I dette arbeidet ser skulane det som
viktig at elevane blir kjende med kvarandre så tidleg som råd sidan dei
skal gå i lag på ungdomsskulen. Felles møtestadar er ein viktig del av
dette arbeidet. Tidlegare i år har elevane på mellomsteget hatt tur i lag til Haram på Haramsøya. Sist veke var det fellestur til Lepsøya med tur til Rønstadhellaren. Der fortalde to flinke elevar frå Lepsøy skule fakta om hellaren. Elevane kosa seg med god grillmat og dagen vart avslutta med fotballkamp i den nye, fine ballbingen ved Lepsøy skule. Slik blir elevane kjende både med naboøyane og kvarandre.
Kultursti på Lepsøya Her kan du lese kva Asbjørn Oterhals har skrive om Betty Mouat og ”Columbine”: http://home.ntebb.no/arkmarin/Mouat.html Bilete frå redninga av Betty Mouat: http://www.piratequeen.org/betty_mouat.htm
Kammen i Rønstadhellaren På
rundreisa si på Sunnmøre, kom arkeologen Anders Lorange til
Rønstadhellaren i 1878. Her fann han ein eldstad og måltidsrestar, og
ein vakker kam frå omkring 100 år e.Kr, som var "forsigtigt indstukket i
et lidet mellem tre Stene dannet Rum".
Kjelde: Fylkesarkivet Møre og Romsdal |
![]() |
![]() |
| Frå Rønstad gjekk turen på fin sti utover til Rået og hellaren | Det kan virke bratt, men stien er trygg og god |
![]() |
![]() |
| Du bør ikkje lene deg til Smalhans! | Alle vel framme på leirplassen under Rønstadhellaren |
![]() |
![]() |
| Hellaren gir eit mektig inntrykk! | Og så er det kjekt å klatre og vagle seg |
![]() |
![]() |
| To flinke elevar frå Lepsøya fortalde om Rønstadhellaren | Hellaren er nitti meter lang og det er ganske mørk i enden |
![]() |
|
| Så er det fyr på bålet og klart for grillmaten | Mange liker å teikne, også på utedag. |
![]() |
![]() |
| Det er godt å gå på steinane i Columbine-bukta | Og ein lett dusj sjøsprøyt høyrer med! Fotografiet lyng nok litt.... |
![]() |
![]() |