I geografi denne perioda lærer vi
om Noreg i kvartærtida. Elevane lærer om korleis landskapet i
Noreg har vorte forma av is og vatn frå to millionar år og fram til i dag.
Utedagen denne veka gjekk difor til
Haram for å finne ut korleis Haramsøya har vorte forma. Det blei
mange stopp på turen for å sjå på:
* Terrasser forma av is og sjø på Austnes.
* Flyttblokk på Myskja.
* Uttørka myr mellom to morenekantar på Haram.
* Forvitringsrenner langs Haramsfjellet.
* Gabbroforekomst på og ved Sæberget.
* Rullesteinsmøle på yste Haram.
* Faldingar og skuringsstriper på berga.
* Haramshellaren.
* Jettegryter på Stavneset.
Elevane var kjempeflinke og engasjerte. Dei hadde tileigna seg mykje kunnskap, og huska mykje av det dei har lært tidlegare.
![]() |
![]() |
![]() |
|
|
|
|
|
|
![]() |
![]() |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
![]() |
![]() |
|
|