Sist torsdag var elevane på
mellomsteget på skitur på Longva og Flem. Nordøy Idrettslag har køyrt
opp svært fine skiløyper med løypescooter. Løypenettet går over mest
heile Flemsøy/Skuløy frå fjell til fjøre. Vi gjekk av bussen på Flem
skule og følgde løypa utover mot Flem. I godveret fekk vi oppleve
korleis dagslyset jaga mørkret bort, og ei strålande sol farga snøen
gyllen og skapte krystallane om til glitter. Naturen er vakker!
Vi slo leir i skogkanten ovanfor Kristoffer Flem. Der brende vi bål,
grilla og kosa oss. Løypene gav utfordring for dei som ville trene
skiteknikk både mote og unna bakke. Borte i Knutgarden kunne dei som
ville få meir fart i ein flott preparert slalombakke. Der var det også
eit utfordrande hopp og ei krevjande kulløype. Per Olav lufta hestane
sine og dei som ville fekk klappe.
Det vart ein dag med stor og variert aktivitet før Lars Kolbjørn og
Fjord1 frakta oss tilbake til skulen. Takk til alle som står på og legg
forholda til rette slik at små og store får nytte den flotte vinteren vi
har. Sitat frå ein av elevane: "Eg veit i alle fall kvar eg skal på
vinterferie i år! Eg skal hit og gå på ski!" |