Vekeplanar:
7.trinn    6.trinn     5.trinn

       Velkommen til sida vår!
 

Timeplan:
 5-7. trinn

Pyramidar i Sjur-Ola-sanden (10.11.11) GS

I dag gjekk utedagen til Sjur-Ola-sanden. Vi har hatt om ulike figurar i matematikk og om Josef som vart farao sin rådgjevar i RLE. Då passa det å slå saman læringsmål og bygge geometriske figurar frå farao si tid.

Sjå meir her

Matteverkstad (04.11.11) GS

Torsdag hadde vi matteverkstad på mellomsteget. På verkstad er elevane delte i fire grupper som er innom fire ulike stasjonar. Denne perioden har vi hatt fokus på ulike rekneartar, mellom anna brøkrekning.

Sjå meir her
 

Stjerneorientering på mellomsteget (27.10.11) GS

Torsdag var det utedag for mellomsteget. På programmet stod stjerneorientering. Elevane vart delte i fire lag som måtte innom åtte postar.

Sjå meir her
 

Torsdag 29. sept. (30.09.11) KHF

Her kjem nokre bilete frå skulekvardagen på mellomsteget.

Matteverkstad og utedag (23.09.11) KHF

Torsdag starta vi dagen med matematikkverkstad.
Etter friminuttet var vi klar for utedag. Tunge regnskyer trua i sør, men det blei ein flott tur.
Denne gongen gjekk vi fjøra frå skulen og utover mot Håneset.

Sjå bilete her! 

Skuledag med "Havung"  (21-09-11)  GS

Sist fredag fekk elevane i sjette og sjuande klasse oppleve ein skuledag utanom det vanlege. Klasserommet var fiskebåten "Havung", og lærar var den kunnskapsrike og alltid like entusiastiske Arne Tunheim.
 
Sjå bilete her!

Johannesneset (09.09.11) GS

Denne veke har vi gjort litt av kvart på mellomsteget. Elevane har mellom anna laga "rap"-versjon av kjende songar i musikk. Og sidan vi held på med "Havet" som tema i naturfag, var det naturleg at vi tok fjøretur på utedagen torsdag.
 
Sjå bilete her!

Fjelltur til Røhammaren og Varden (26.08.11) KHF

Då er den første veka av det nye skuleåret unnagjort. Vi har fått opp åtte kjekke femteklassingar som allereie har funne seg godt til rette på mellomsteget.

Torsdag var vi på utedag. Ein fjelltur er sosialt og kjekt, og ein flott måte å bli betre kjent på. 
Sjå bilete her!

   

SKULEÅRET 2010 / 2011

 

Mellomsteget feira musikalsuksess med bytur, bowling og pizza (17.06.11) GS

Tidlegare i år framførte elevane på mellomsteget musikalen "Hemmelegheita på loftet". Musikalen vart ein suksess, publikum strøymde på. Pengane som kom inn skulle brukast til ein avslutningstur på slutten av skuleåret. Turen gjekk til Ålesund og Moa.

For bilete sjå her!

Besøk frå naboskular (08.06.11) GS

Tysdag fekk mellomsteget på Haramsøy skule besøk av elevane frå mellomstega ved Flem skule og Lepsøy skule. Dei tre skulane har årlege treff og skiftar på å vere vertskap. I år var det Haramsøy sin tur. Målet med treffa er at elevane som seinare skal gå i lag på ungdomsskulen, skal lære kvarandre å kjenne. I tillegg får elevane sett seg om på naboøyane..

For bilete sjå her!

Utedag til Johannesfjøra (05.05.11) KHF

I dag var mellomsteget igjen klar for utedag. Målet for turen var Johannesfjøra. Elevane grilla og kosa seg med pølser og Marsmellows i fineveret. Etter ei god matpause, var vi klare for å dramatisere livet til Olav den Heilage. Slaget på Stiklestad i 1030 var sjølvsagt høgdepunktet.

For bilete sjå her!

Hopp for hjertet (05.05.11) KHF

Nasjonalforeninga for folkehelse er opptekne av å gi barn gode vaner tidleg  for å førebygge hjerte- og karsjukdommar. Dei ynskjer å bidra til at barn skal få eit godt forhold til fysisk aktivitet. Difor arrangerar dei kvart år ein hoppetaukonkurranse for elevar i heile landet.
Les meir på www.nasjonalforeningen.no

På mellomsteget er innsatsen på topp.
For bilete sjå her!

Musikalsuksess  (08.04.2011) GS

"Jippi! Vi greidde det! Elevane på mellomsteget jubla etter framføringa av musikalen "Hemmelegheita på loftet" torsdag kveld. I ein knapp time fekk eit lydhøyrt publikum på Haramsøy samfunnshus ein leksjon i ord og tonar. Ein leksjon om den nære historia til landet vårt frå 1814 og fram til våre dagar.

Sjå meir her!

Endeleg musikal!  (04.04.2011) GS

Den siste tida har elevane på mellomsteget øvd på ein musikal som heiter "Hemmelegheita på loftet". Det er vel verdt å ta seg ein tur på Haramsøy samfunnshus torsdag kveld klokka 19.00 for å sjå og lære av dei flinke elevane.

Sjå større plakat her!

Endeleg bading!  (25.02.2011) KHF

Mellomsteget er allereie godt i gong med årets badesesong. Skulen har fått ekstraløyvingar frå kommunen, slik at alle elevane kan reise tre gongar til Finnøya for å bade. Badeanlegget på Finnøya er kjempefint, med gode fasiliteter, kjekke badevakter og ei fantastisk utsikt.

Elevane storkosa seg. Fleire bilete her!

Vikingdag på Varden     (27.01.2011) GS

Dei siste vekene har elevane på mellomsteget lært om korleis livet til vikingane arta seg. Gudetru, daglegliv, lover og reglar, rettsvesen og herjing og røving i framande land har stått på timeplanen. Vi er så heldige at vi har rike spor etter vikingar som budde her på øya.

For fleire bilete sjå her!


 

 

Juleverkstad på barneskulen (20.12.10) KHF

Tradisjonen tru hadde vi også i år juleverkstad på barneskulen. Dette er kjekke dagar der elevane arbeider i aldersblanda grupper. Vi har kjempeflinke elevar som kosar seg saman. Dei eldste elevane får vere gode førebilete og dei minste tek etter dei som er store. Desse dagane har vi også god hjelp frå foreldre og besteforeldre, som er flinke til å stille opp. Det er stas å få besøk på skulen. Ei stor takk til alle dei som hadde høve til å vere saman med oss og hjelpe oss i år.

På juleverkstaden i år fekk elevane lage:

Kleshengarar og hjerter. Sjå her!
Filtmus, pepperkaker og julemannar. Sjå her!
Filta juletre og lys. Sjå her!

Mellomalderen del 2. (08.12.10) KHF

Etter å ha lært endå meir om mellomalderen, var det klart for å utkjempe hundreårskrigen på mellomsteget. Slaget stod i snøbrøyten på skuleplassen.

For bilete sjå her!

Mellomalderen (08.12.10) KHF

På mellomsteget dei siste vekene, har vi lært om Mellomalderen. Ettersom kjøkkenet no er nesten ferdig, fann vi ut at vi måtte prøve våre kreative evner.

For bilete sjå her!

Gode fellesopplevingar (02.12.10) AMU

Vi er heldige som kan ta med oss heile barneskulen på skøyteisen. Fantastisk flotte og flinke elevar. Vel framme på Stormyra var det først niste, så fekk vi nyte varm dessert rett frå grillen. Gode pakkar med epler, smør, sukker og kanel. Tusen takk til mellomsteget som tok jobben med å lage pakkane. Etter ei stund kom også dei eldste i barnehagen. Bra vi har trygg is som bar alle saman. Herlege dagar i vakkert vintervèr.
 

Les meir

 

Glasklar is på Storemyra (26.11.10 ) GS

Det er svært sjeldan at kvaliteten på natur-is blir slik den er på Storemyra no. Ei glasklar, gjennomsiktig, solid og innbydande ishinne ligg og ventar på alle små og store som vil prøve skeisene. Elevane i femte og sjette klasse kosa seg i alle fall på isflata fredag.

For bilete sjå her!

Utedag ved Postvøren (19.11.10 ) GS

Torsdag var mellomsteget på utedag ved Postvøren på Austnes. Vi gjekk fjøra frå skulen. Det nærmar seg jul, og elevane skal lage kvar sin nisse av stein i kunst og handverk. I fjøra frå Fiskerihamna til Postvøren er det mykje fin rullestein. Der måtte alle finne bårepolerte steinar som ved hjelp av lim og fargar skal bli nissar.

For bilete sjå her!

 

Ein dag med litt av kvart. (12.11.10 ) KHF

På mellomsteget lærer vi denne perioden om korleis Noreg blir styrt. Ein kjent kommunestyrerepresentant blei difor invitert til å snakke i klassa om kommunestyret i Haram. Det var kjekt og elevane hadde mange spørsmål.

Resten av dagen gjekk med til å lære å skrive personskildring.
Så måtte vi sjølvsagt nyte den fine dagen ute.

For bilete sjå her!

 

 

Oppdagingstur med opplæringsbåten "Havung" (05.11.10) GS 


Torsdag hadde mellomsteget ein skuledag på havet. Arne Tunheim kom på besøk med opplæringsbåten "Havung". Elevane hadde sett fram til denne dagen lenge, for dei veit frå tidlegare år at det blir mykje spennande å sjå og mykje interessant å lære.

For bilete sjå her!

 

 

113 (28.10.10) KHF 


Kvart år sender Norsk Luftambulanse ut undervisningsopplegget 30+2. Dette er eit opplegg der elevane får lære hjerte-lungeredning. 7. klassingane får sin eigen undervisningspakke, slik at dei kan lære slekt og venner den livsviktige kunnskapen.

Ein stor takk til Norsk Luftambulanse for eit godt og viktig arbeid.

For bilete sjå her!

 

Leseveke KHF

I veke 42 hadde barneskulen felles leseveke.

For informasjon og bilete, sjå heimesida til Haramsøy skule.

 

Mellomsteget på nøttejakt (24.09.10) GS

Den siste tida har elevane på mellomsteget lært om plantar, tre, busker og sopp som er vanlege her på øyane våre. Ei av buskene vi har snakka om, er hasselbusken. Det var svært få av elevane som visste at det veks hasselbusker på Haramsøya, og at vi kan plukke hasselnøtter no om hausten. Dermed måtte vi ut på tur.

For fleire bilete sjå her!

Gymtime med nye lærarar. (20.09.10) KHF

Fredag fekk to av 7. klassingane ansvar for å lage opplegg og leie gymtimen. Dette klarte dei med glans. Innsatsen var høg, og klassa var godt fornøgd med gymtimen.

For fleire bilete sjå her!

Grilling og leikar (10.09.10) GS

Torsdag hadde mellomsteget utedag i strålande seinsommarver. Sidan vi ikkje har skulekjøkken å bruke, må vi legge "mat og helse" til utedagane. Denne gongen hadde vi fått tak i lekker laks. Den enda i foliepakkane i lag med poteter, gulrøter, purreløk, smør og krydder. "Eg liker ikkje fisk!" Mange elever er sikre i si sak. Dei har aldri smakt fisk, viser det seg. Og dei endrar fort meining.

Sjå fleire bilete her.

Naturvev og bålmat (27.08.10) GS

På mellomsteget har vi som mål å bli kjende med dei vanlegaste planten og plantefamiliane vi har rundt oss i naturen. Elevane har samla planter langs vegkanten, på enga og i skogen, og dei held på å lage seg herbarium. Vidare veit mange no kva som er forskjellen på kronblad, begerblad og støvberarar. Det er mange nye fagord som skal få innhald.

Sjå fleire bilete her.

Skulestart i godver (20.08.10) GS

Sommaren kom til Haramsøya til skulestart. Fredag nytta vi sjanse til bading på storbåthamna. I tider med lite symjetrening er slike dagar til svært god hjelp. Og vi hadde det kjekt. Elevane på mellomsteget er flinke å symje og trygge i vatnet.

Sjå fleire bilete her.

Tur til Moa (16.06.10) GS

Sist torsdag reiste elevane på mellomsteget på klassetur til Ålesund og Moa. Første stopp var bowling på Baronen i Spjelkavika. Fire lag kjempa mot kvarandre. Innsatsen og humøret var på topp

Sjå fleire bilete her.

Landsdelar i sanden (07.06.10) GS

Torsdag var mellomsteget på tur til Sjur-Ola-sanden. Denne vekeplanperioden har elevane prosjektarbeid om dei ulike landsdelane i Noreg. Ei av oppgåvene var å bygge modellar av landsdelane i sanden.

Sjå fleire bilete her.

Tre kjekke dagar med SikkSakk Europa (26.05.10) GS

Sist veke gjennomførte elevane på mellomsteget prosjektet SikkSakk Europa. Det er eit tilbod skulen får gjennom organisasjonen Ungt Entreprenørskap. Gjennom praktiske aktivitetar som fiskeribedriftspel og design av framtidsbil, fekk elevane eit spennande møte med land og ressursar i Europa.

Sjå fleire bilete her.

Korleis Haramsøya har vorte forma (10.05.10) KHF

I geografi denne perioden lærer mellomsteget om Noreg i kvartærtida. Torsdag var vi difor på sykkeltur til Haram for å finne ut korleis Haramsøya har vorte forma.

Sjå fleire bilete her.



 

Kalender for mai.

I mai er det fleire fridagar og ting som skjer. For at vi skal greie å halde oversikta har vi laga ein kalender for mellomsteget.

For å sjå kalenderen, trykk her.

 

Mellomsteget med musikalsuksess (05.05.10) GS 

Etter påske har dei 23 elevane på mellomsteget øvd inn musikalen "Lausøyre eller andre løysingar". Torsdag i veke 17 var det klart for framføring på Haramsøy samfunnshus. Elevane lurte svært på om det kom til å kome publikum, og dei vart overraska då neste sytte personar løyste billett i tillegg til dei mange borna. "Jippi! No får vi inn pengar til ein Moa-tur!" Eit av måla var nådd!

Sjå fleire bilete her.

 

På "fuglejakt" i fjøra  (26.04.10) GS 

Torsdag var mellomsteget på utedag i fjøra. Vi gjekk tur frå H-Produkter og ut mot Håneset. På vegen tok vi oss god tid, grilla pølser, leitte etter levande kryp og høyrde etter fuglelydar. Vi har hatt om dei vanlege fuglane og høyrt på fuglelydar denne planperioden.

Sjå fleire bilete her.

 

Skitur på Longva og Flem  (05.02.10) GS 

Sist torsdag var elevane på mellomsteget på skitur på Longva og Flem. Nordøy Idrettslag har køyrt opp svært fine skiløyper med løypescooter. Løypenettet går over mest heile Flemsøy/Skuløy frå fjell til fjøre.

Sjå fleire bilete her.

 

Prosjektarbeid om Antikken  (02.02.10) GS 

I veke tre og fire arbeidde elevane på mellomsteget med tema "Antikken". I det låg ulike oppgåver frå det gamle Hellas, Roma og Romarriket. Tre grupper arbeidde med Romarriket, medan fire grupper tok føre seg det gamle Hellas.

Sjå nokre av elevarbeida her.

 

Vinter er kjekt (19.01.10) GS 

Sist torsdag var elevane på mellomsteget på skitur til Bendik-bakken ovanfor Johannesgarden. Snøen blenkte og skein i den vakre vintersola. Vi hadde med ved, så det vart grilling. Elevane hadde med varm drikke og godt vinterutstyr, så dagen gjekk fort. For mange var det ei ny erfaring å gå så langt på ski. "Vi visste ikkje at det var så kjekt å gå på ski," var det mange som sa.

Sjå fleire bilete her!
 

Elevar trenar hjarte-lungeredning (30.11.09) GS

 

Sist veke jobba mellomsteget ved Haramsøy skule med førstehjelp og naudmeldingar. Elevane fekk praktisk øving i kva som skal gjerast om ulykka er ute. Mini-Anne, øvingsdokka frå Norsk Luftambulanse, fekk hardhendt behandling. Vidare besøkte elevane ambulansebåten Norskyss og brannstasjonen på Haramsøy.  

Sjå fleire bilete her!
 

Utedag i Johannesfjøra. (12.11.09) KHF

Utedagen denne veka gjekk til Johannesfjøra. Elevane fekk i oppgåve å bruke det dei fann i fjøra til å lage ein modell og å forklare kva som skjer når vi pustar. Vi grilla pølser og ettersom vi var i fjøra, var det duka for ei delikatesse til dessert......
Det var ein kald men kjekk utedag.

Sjå fleire bilete her!

 

Avslutning av leseveka (06.11.09) KHF

I dag avslutta vi leseveka med bokkafè. Heile barneskulen og Solgruppa, dei eldste på barnehagen, var med. Elevane framførte skodespel, det var kafè og lesestund. Alle kosa seg og det vart ei fin avslutning på ei kjekk veke.

Sjå fleire bilete her!


Lisjemyra

Kartdag på Myskjefjellet  (29.10.09) GS

Torsdag hadde mellomsteget utedag. Vi har arbeidd med kart den siste tida. Elevane skal lære å "lese" eit kart og slik forstå samanhengen mellom terrenget slik det er i verkelegheita, og det teikna biletet på eit kart. Vi er så heldige at vi har orienteringskart for området ved skulen og store delar av Myskjafjellet.

Sjå fleire bilete her!
 


Kva skjuler seg i fisken?

Det flytande klasserommet Havung  (21.10.09) GS

Gjennom støtte frå Næringsfondet har Haram kommune avtale med Arne Tunheim og opplæringsbåten ”Havung”.  Denne avtalen sikrar alle sjetteklassingar i kommunen eit praktisk møte med fjorden, fisket, båten og utstyret som høyrer til. Slik får elevane eit møte med næringa som har sikra og framleis sikrar oss arbeid og velstand. 

Sjå fleire bilete her!
 


Kva for tre er dette?

Utedag på jakt etter ulike treslag
17.09.09

Sist torsdag var mellomsteget på trejakt. Vi har hatt om ulike treslag og skogtypar. Viktige omgrep å lære seg har vore barskog og lauvskog. Torsdag skulle vi sjå etter dei vanlege bartrea som vi har på Haramsøya: furu, gran, einer og lerk. Og vi skulle lære litt om forskjellen på desse trea. Korleis skal vi forklare forskjellen på gran og furu? På einer og lerk?

Sjå fleire bilete her!
 


Mellomsteget 2009 - 2010

Læringstur på Myskjafjellet
03.09.09

Torsdag var elevane på mellomsteget på utedag på Myskjafjellet. Vi har hatt om småkryp og ulike typar planter, tre og skog. Derfor passa det godt med ein tur på fjellet. Vi start frå skulen med Røhammaren som mål. På vegen smakte mange tyttebær, krekling (krækjebær) og blokkebær for første gong. Vel framme var det leik, pause med mat og frukt og framføringsoppgåver.

Sjå fleire bilete her!
 


Klare for båttur!

Leirskule på Ulla Havsportsenter
18.06.09

Andreas Ulla, eigar og drivar av Ulla Havsportsenter, inviterte elevane på mellomsteget på leirskuleopphald tre dagar i juni. Det vart tre uforgløymelege dagar med turar, fisking, bading, fridykking og fartsfylte opplevingar på bananbåten i tau etter "Havørna". Takk til Andreas for eit framifrå opphald.

Sjå fleire bilete her!
 


Litt av ei hole!

Fellestur til Lepsøy
28.05.09

Skulane på Flem, Haramsøy og Lepsøy samarbeider i nettverk for å skape gode læringsmiljø for elevane sine. I dette arbeidet ser skulane det som viktig at elevane blir kjende med kvarandre så tidleg som råd sidan dei skal gå i lag på ungdomsskulen. Felles møtestadar er ein viktig del av dette arbeidet.

Sjå fleire bilete her!
 


Kva ligg under busken?!?

Fjelltur til Ulla
14.05.09

Målet for denne utedagen var å gå frå skulen, over fjellet og til Ulla. Det blei ein kjempefin tur med litt vind, men sol frå skyfri himmel. Fleire av elevane gjekk denne turen for første gong.
Vi såg og opplevde mykje spennande ;-)

Sjå fleire bilete her!
 

Tor og Loke hos jotnane
05.05.09

Sist torsdag kveld inviterte mellomsteget til musikal med tema frå norrøn mytologi på Haramsøy samfunnshus. Knappe hundre tilskodarar fekk oppleve eit fyrverkeri av ungdommeleg utfalding på scena. Modige elevar stod fram med skodespelkunst, dans og svært gode song-prestasjonar. Ikkje rart at mange av dei frammøtte vart imponerte!

Sjå fleire bilete her!

Johannesneset.
16.04.09

Denne veka var det tid for utedag igjen. Vi sykla ut til Johannesneset. På turen såg vi etter vårteikn. Ute ved Johannesneset fortalde Gunnar om gravhaugen og "Grettesåga". Etterpå var det grilling og ulike aktivitetar i fjøra.

Sjå fleire bilete her!

Kunstimitasjon.
09.03.09

Elevane på mellomsteget har ei tid jobba med kunstimitasjon. Vi har arbeidd med Renessansen i Midgard, og elevane fekk difor i oppgåve å imitere tre kjende bilete av Leonardo Da Vinchi og Michelangelo. Utgangspunktet var vanskeleg men resultatet vart desto betre.

Sjå fleire bilete her!

 

Utedag på første vårdagen
05.03.09

Torsdag brukte mellomsteget utedagen til ein utforskartur på Myskjafjellet. Vi var så heldige at vi fekk ein strålande vakker vårdag. Vi gjekk opp frå skulen til Røhammaren som var første stopp. Der var det stor aktivitet med leik i skogen og klatring i steinurane. Ei god matpause rakk vi også.

Les meir her!

 

Våren er komen?!
04.03.09

Vårmånaden mars er komen. Snøen har smelta, og det er tid for andre aktivitetar i friminutta på barneskulen. Elevane var onsdag i vårstemning. Dissing, leik i sandkassa, fotball, sisten, klatring i tre og vårreingjering var nokre av aktivitetane.

Les meir her!

 

Utedag i Jo-Karl bakken
12.02.09

Torsdag var mellomsteget på skidag i Jo-Karl bakken. Der var forholda flotte. Mykje snø og stor aktivitet både på ski, snøbrett og akebrett. Eit stor hopp vart ei utfordring for dei med ski og snøbrett. Det er mange år sidan vi har hatt så mykje snø å leike oss i.

Les meir her!

Foreldrefest på mellomsteget
30.01.09

Torsdag kveld avslutta mellomsteget storyline om Stjerneskipet Alexandria, eit enormt bibliotekskip som samlar og lagrar kunnskap. Elevane har vore tidsspionar i tre veker.

Les meir her!

Is på Lisjemyra

Tysdag var elevane på mellomsteget på skeisetur til Lisjemyra. Glassklar og trygg is låg klar til å ta imot oss.

Les meir her!

Storyline: Stjerneskipet Alexandria

Dei siste vekene har elevane på mellomsteget lært ved å vere tidsspionar om bord i stjerneskipet Alexandria. Elevane deltek i ein storyline, eit slags lærande rollespel der elevane får oppdrag og uventa ting skjer.

Les meir her!

 

Atlanterhavsparken

Torsdag 15. januar var mellomsteget på tur til Atlanterhavsparken. Vi skulle utforske dei rare skapningane som bur i og kring havet på planeten Tellus. Dette var eit oppdrag frå "Stjerneskipet Alexandria". Turen var både kjekk og lærerik.

For fleire bilete klikk her!

   

 

Linkar 2008:
Fisketur med Havung
Førstehjelp

Gamle linkar 2007/2008:
Fair Play cup

Fjelltur
Teltet
Stavneset
Varden
Skogtur,
Røhammeren,

 

TILBAKE TIL FRAMSIDA