Kurs i førstehjelp på mellomsteget

 

Gjennom prosjektet ”Førstehjelp i skolen” tilbyr Norsk Luftambulanse alle grunnskular i landet med elevar i sjuande steg opplæring i hjarte- og lungeredning (HLR). Sjuandeklassingane ved Haramsøy skule fekk også tilbodet i lag med alle dei 63.000 andre sjuandeklassingane i heile Noreg. Målet til Norsk Luftambulane er å utdanne totalt 500.000 nye førstehjelparar innan utgongen av 2009. Sidan prosjektet starta hausten 2006 er over 330.000 opplærte.  

Korleis gjennomføre opplæringa?
”Mini-Anne”, opplæringspakken som kvar elev får, inneheld ei øvingsdokke og ein DVD. Opplæringa er sjølvinstruerande, tek tretti minutt og kan derfor enkelt utførast på ein skuletime. Opplegget dekkjer læreplanen sitt mål i førstehjelpsopplæringa for 7. klassesteg.

Etter opplæringa på skulen, får kvar elev pakken til odel og eige. Dei kan ta den med heim og instruere familien. Etter endt opplæring på skulen skal elevane ha med seg HLR-pakken heim og lære opp så mange dei kan i familien. 

Skuleåret 2008/2009, i veke 42, gjennomførte dei fem sjuandeklassingane våre og to lærarar opplæringa. Desse lærte HLR vidare til dei 14 medelevane sine på mellomsteget. Deretter tok dei pakken med heim og lærte opp 17 familiemedlemmar.  

Dermed er svært viktig og kanskje livreddande kunnskap og opplæring spreidd til 38 små og store personar på Haramsøya i løpet av veke 42 og 43. Det er svært viktig at opplæringspakken vert tatt fram med jamne mellomrom. Øving ein gong i året er heilt nødvendig for at HLR- kunnskapen ikkje skal gå i gløymeboka.

Du kan lese meir på linken http://www.forstehjelpiskolen.no/

Under ser du ein liten biletserie som viser opplæringa i praksis:

Først sjekkar vi personen som har vanskar. Er personen bevisst?
Pustar han eller ho?

"Hei! Korleis står det til? Treng du hjelp? Halloooo?!?

Her var ikkje liv. Då må vi sørge for frie luftvegar ved å bøye nakken forsiktig bakover.

Neste steg vert å ringe 113. I pakken finn elevane øvingsttelefonar. Så må vi øve.

Hallo! Dette er frå mellomsteget på Haramsøya.......

....Hallo 113? Ja, det er frå Haramsøy skule på Austnes. Vi har ein livlaus person. Vi treng hjelp snarast!!

Frå 113 får vi vite at det trengst hjarte/lungeredning. Vi må starte med ein gong. Kvart sekund kan vere avgjerande. Og vi må halde på til hjelpa kjem. Det kan ta litt tid.

Ein, to, tre, fire, fem, seks, sju.....

Vi startar med 30 trykk eller kompressjonar. Frå øvingsdokka høyrest eit knepp når du trykkjer hardt nok.

Etter 30 trykk kjem to djupe innpust. Det er viktig å sjekke at det kjem luft i lungene. Det ser vi ved at brystkassa hevar seg når vi pustar inn.

Eitt ..... og .... to..... Puh!!

To innpust er unnagjort.
Då var det tretti nye trykk.
Det gjeld å halde ut. Det kan berge liv!

Eitt..to..tre..fire..fem..seks..sju........

 

Det er travlet å redde liv. Kanskje må vi halde på lenge før vi får hjelp. Då er det godt å vere fleire som kan byte på.