| Lærerik fisketur med det flytande klasserommet "Havung" | |
|
Praktisk læring
Fredag i veke 42 var det mellomsteget ved Haramsøy skule
som fekk ein lærerik og minnerik dag på havet. Ein heilt annleis
skuledag. Ein dag med læring knytt til praktiske aktivitetar. Ein dag
der alle sansar var aktive i læringsprosessen. Arne Tunheim knytte teori
til praktiske gjeremål om bord i ”Havung”. Båten er utstyrt med
oljeklede og redningsutstyr for ei hel klasse.
|
![]() |
|
Store verdiar Elevane fekk vite kor store verdiar fiskeri står for i distriktet vårt. Vi sel fiskeprodukt for over tretten milliardar kroner til mange land verda over. Og ringverknadane av aktiviteten knytt til ein båt, er store. Tunheim peikte på utstyr og vegn om bord i ”Havung”. ”Havet, gullgruva som vi er så heldige å bu ved, har gitt oss mat, kunnskap og kompetanse som gjer at vi på mange område er best i verda.Her er vi på veg frå hamna og set kursen mot Røholmane der garna ventar |
![]() |
|
Ringverknader lokalt
Ser dokke spelet som dreg garnet? Det kjem frå ein
fabrikk i Brattvåg. Motoren har Nogva Motorfabrikk i Sørvika levert.
Garna kjem frå Mørenot og styremaskina frå Tennfjord. Maten vi et,
kjøper vi frå lokale butikkar. Fisken leverer vi til bedrifter på land.
Og veit dokke at oljekleda kjem frå ei bedrift på Vatne? Slik skaper ein
båt svært mange arbeidsplassar på land.” Arne Tunheim blir engasjert når
han fortel om verdiskaping.
|
![]() |
|
Fornybar ressurs Ein fornybar ressurs er ein ressurs som ikkje tek slutt, ein ressurs som vi kan bruke av utan å bruke opp. Fisk er ein slik fornybar ressurs, la Tunheim vekt på. Dersom vi fiskar med fornuft, vil ressursen vare til evig tid. Olje er ein ressurs som ikkje fornyar seg. Når den er brukt opp, tek aktiviteten slutt. Derfor må vi ta vare på fisken som vi skal nyte godt av i komande generasjonar.Vi er ved Røholmane og skal drage garn. Tru om det er fisk i vente? Arne Tunheim ser spent ned i djupet |
![]() |
| "Vi
treng vi nye generasjonar ungdom som vil bruke evner og krefter på å
utvikle ressursane i havet vidare. Derfor er det utruleg kjekt å få vise
dokke elevar kva havet gir og kor mange spennande utfordringar som ligg
og ventar,” held Tunheim fram.
|
![]() |
|
Pigghå i metervis I løpet av dagen fekk elevane lage mat i byssa og drage og greie garn. Bløgge og sprette fisk høyrde med. Spenninga var stor då første garnsettinga kom over rekka. Fisk i massevis – men det vart mest pigghå. Spennande for elevane, men svært arbeidsamt for alle som greidde garn. Det dukka også opp ulike skaldyr, hyse, torsk, makrell og uer. Elevane synest det er spannande med trollkrabbe og pigghå. |
![]() |
| Ein trollkrabbe
kan brukast til litt av kvart. |
![]() |
|
Elevane lærte å halde seg unna piggane til håen. Og dei
fekk sjå at håen har egg og før levande ungar.
Til høgre ser vi eggeplommen som er matpakken den vesle håungen får med seg ut i verda |
![]() |
|
Mageinnhaldet avslørte kosthaldet, og ei fersk augelinse
viste at vi eigentleg ser verda opp ned. Utruleg kva ein naturfagtime
til sjøs kan innehalde av læring! Om det var kjekt? Elevane takka Tunheim for turen med både handtrykk og fortent applaus.
|
![]() |