1. klasse på tur til India.

Pengar, pass og billettar på plass i reisemappa.

Sjå bilete frå første reisedag. HER

Måndag fekk 1. klasse brev heilt frå India. Indrani, ei jente på 6 år, lurte på om vi ville kome på besøk. Diskusjonen var igong, det var litt langt, kunne foreldra vere med?  Vi tok mot til oss og bestilte flybillettar, avtalte båtskyss til Vigra med Palmar, tok bilete til pass og veksla inn pengar til indiske rupier. Onsdag var stempla på plass i passa og vi kunne starte reisa. Det vart ei musking med pakking av klede i siste liten, heldigvis hadde dei ein del bytteklede på skulen. Vi ballanserte ned kaia til Øyprins og dermed var vi på farta. Flyturen til India gjekk greit, god servering hjelp på. Vi var litt uheldig med ve`ret, så vi måtte lande på ein flyplass eit stykke frå byen Bangalore, noko som førte til at vi måtte ta både tog og buss for å kome fram. Ein del av turen måtte vi gå til fots gjennom eit skogterreng, her måtte vi passe oss for dei ville dyra og liste oss stilt på tå. Apekattane var hyggelege og tok oss med på fest, skal seie det gjekk unna i dansen. Bussen den siste biten var veldig fullt lasta og med ei punktering på dei humpete vegane, var vi nokså slitne då vi fann hotellet, men eit godt måltid på restauranten gjorde underverk. No er vi veldig spente på å få møte Indrani, som bur i slumområdet i byen. Følg med!

Kjekt når passet er stempla og klart.

Ein spent og litt reisesjuk gjeng.

   

Best å trå forsiktig ned kaia til båten.

Med all bagasjen ombord, vart det fullt både i øvre og nedre salong.

Vel ombord i flyet til India, avgong berre kapteinen kjem seg på plass.

Bussane i India var noko overfylte.

Ein del av turen måtte vi gjere med tog.

Vi lista oss gjennom ein skog, her var det mange ville dyr.

Spanade med dei store tigrane.

Tru det eller ei, vi fekk vere med på apekattdans.

Elefantar var det mange av.