| Kort reisebrev frå 1. klasse |
|
| Etter å ha kvilt ei natt vakna vi spente opp på hotellet. Der var det ein invitasjon frå ein barnehage. Vi måtte gå gjennom skog og gjennom ein landsby, her var det mykje spanande som rørte på seg. Vel framme fekk vi ein hjarteleg velkomst i barnehagen. Dei hadde nysteikte bollar, desse var like gode som i Noreg. Ungane i India var like glade i å leike, som vi. Vi fekk høyre eventyr og synge songar saman med dei. Trur dokke ikkje Zippy hadde eit søskenbarn i India. (Dei likna kvarandre). Vi fekk sjå korleis dei lærte om kjensler, idag snakka dei om å vere nervøs. Vi har vore litt nervøse både for det eine og det andre når det har vore så mykje å ordne og mykje ukjende plasser vi skal oppsøke. | |
|
|
Godt å ta seg ein strekk. |
|
Full fart! |
Ein må no slappe av og`. |
|
|
|
|
|
|
|
|
Her vart vi tekne godt imot. |
|
Boller er bra godt! |
Søskenbarnet til Zippy |