1. og 2. steget har reist til Nepal


1. og 2. steg er med i FORUT sin barneaksjon. Tanken er at ungane gjennom aktivitetar, film og musikk skal lære korleis born i andre land har det. I 1. og 2. steget starta dette prosjektet
med eit brev frå ein gut som heiter Omis. Han bur på ein barneheim i Katmandu og vil gjerne ha besøk av elevane frå Haramsøya.

Så denne veka har elevane på 1. og 2. steget laga seg pass, tenkt ut kva dei treng å ha med seg og ordna seg billetter til Nepal. Og i dag tok dei Øyprins til Vigra der dei sette seg på flyet som tok dei til Nepal. Kaptein Grethe ynskja dei velkomen ombord og så tok flyet av frå Ålesund Lufthavn, Vigra.

Dei mellomlanda i Polen og der vart det passkontroll på engelsk. Der vart dei spurt "What's your name?" Undervegs i flyet fekk passasjerane servering av dei dyktige, engelske flyvertinnene. Dei spurde kva passasjerane ville ha og då lærte vi nye ord som limonade og buiscuit. Ut gjennom vindaugene på flyet kunne dei sjå Svartehavet, Tyrkia, Georgia, Armenia, Kaspihavet, Afghanistan og mange andre land. Til slutt kom dei til den norlege delen av India og då fekk dei sjå fjellkjeda Himalaya. Landet Nepal ligg oppe i denne fjellkjeda. Dei landa på ein flyplass eit stykke frå Katmandu som er målet til 1. og 2. steget.

Før flyet landa i Nepal var det kraftig turbulens (begrepslæring) og så vart det ei hard landing på flyplassen!!

I Nepal var det også passkontroll på engelsk. Her fekk elevane spøsmålet "Where are you from?" Og då måtte dei svare " I am from Norway!"

Billett og pengar er viktige ting på tur. Billetten er ein tur/retur-billett (begrepslæring) så dei må passe godt på han. Dei har og fått utdelt 10 rupi slik at dei har Nepalske pengar. Det blir spennande å sjå kva dei skal bruke pengane på og korleis det går med reisa vidare. Følg med her på heimeside så skal de få sjå og lese meir om turen til Nepal.