Karneval

Tradisjonen tru hadde barneskulen karneval siste skuledagen før vinterferien. Her var det mange flotte kostymer , herlig mat i kafeen og masse aktivitetar å vere med på. Også i år var det mange kreative aktivitetar. Var du modig tok du turen innom spøkelsehuset i kjellaren eller  i teltet til spådamene Sabrina og Lette Fjør. Var du svolten kunne du handle med "pengar" i den supre kafeen. Der var det lekre fylte horn, popcorn, fristande fruktspyd og saft.Trengte du litt fornying kunne du stikke innom frisør og sminkebuda. For dei konkurranselystne var det mange ting å velje i : bowling, billøp med radiostyrte bilar, billøp på storskjerm, singstar, leikar og konkurransar. Vi hadde også flinke tryllekunstnarar på besøk. Her kjem litt bilder frå dagen!

Flott pynta !

Stilige kostymer !


Tippekonkurranse


Bowling


Tipping


Trylling


Programleiarane


Program


Billøp


Start


Snart i mål

Spådamene Lette Fjør og Sabrina i aksjon


Slå katta ut av tønna høyrer med


 

Til alle elevane på barneskulen : Gratulerer med eit supert karneval!