Undretur på Austnes

I går kom det to damer på besøk til oss i småskulen. Dei hadde ikkje vore på øya sidan dei var små, i 1950 åra. Dei kjende seg ikkje igjen. Dei hadde funne berre ein matvarebutikk som var open og ingen andre. Dei som skulle ut å kjøpe seg garn og broderi. Svoltne var dei også. Ikkje eit bakeri å oppdrive....

Slik starta storylinen og utedagen vår i går. Så var det tid for ein liten detektivtur, undretur.
Kan det ha vore butikk i dette huset tru ?

Vi rusla heile vegen frå skulen til Storbåthamna. Vi hadde mange stopp undervegs, kika på husa og fekk vite litt av historia til husa slik det var her på 1950 talet. I storylinen vår skal vi no vere detektivar og finne ut  meir om korleis livet var her på denne tida, 1950-1965.Hovudfokuset denne gongen vert butikkane på Austnes. Vi kjem også til å trekke inn litt om fabrikkane. Det blir veldig spennande. Har du som les dette bilete, informasjon, historier frå denne tida, så er det flott om du tek kontakt. Du kan ta kontakt med Grethe Ulla eller Anita M. Ulla