| Avrundning av storylinen. Det skjer på Haram. Torsdag 7. april drog dei barkse vikingane i småskulen på nytt tokt til Harhamar. Vi nemnar både gravhaugar og gullfunn.
Vi set att med mange opplevingar og mykje kunnskap om vikingar. Elevane har laga ei utstilling som står i gangen fram til påske. Kom gjerne innom og ta ein titt. |
|
| Tema vikingar er spanade nok i seg sjølv, men når ein
kan knyte det til lokale kulturminner vert opplevingane store. Grette og
Torfinn har heller ikkje gitt seg enno. Denne gongen var dei på jakt, då
Torfinn syntes det var noko kjendt med sverdet til Grette. Det kom etter
kvart fram at Grette hadde røva grava til Kår den gamle. Elevane fekk
høyre korleis det gjekk til. Grette måtte motvillig gje frå seg sverdet
til Torfinn. Det måtte ein mannebragd til for å gjere seg verdig
sverdet. I skogkanten overfor Toregarden såg vi tydelege teikn etter utgravingar frå vikingtida. Tenk å sjå ekte gravhaugar. Kjempe spanande! Stor takk til Jarl Inge som viste oss staden. Godt å ha med kjentfolk. Vi drog vidare til den gamle kyrkjestaden. Det gjekk rykter om ein skatt. Elevane samla seg i grupper og fekk utdelt ein skinnbit med runeskrift. Desse måtte dei tyde. Kvar gruppe fekk delar av løysinga. Dei måtte stokke om på skinna, slik at dei til slutt enda opp med løysinga. Vikingskatten låg ved enden av gravhaugen, ved langhuset i Arnfinngarden. Dermed var skattejakta var i gong. Han var ikkje lett å finne, sjølv om mange trakka over han. Til stor jubel fann dei då ut at skatten var eit skrin fult av gullpengar. Når det er snakk om skatt, dukkar sjølvsagt Grette opp. Torfinn var på Slyngstad, og såg etter gardane sine der. Han hadde med 30 av sine beste menn. Torfinn hadde vorte uvenar med nokre illgjerningsmenn. Grette vart igjen for å passe på garden. Julaftag fekk dei besøk av desse, Grette var lur å bad heile følgje på både mat og drikke. Dei fekk ligge over på burloftet. Då alle hadde gått til ro, låste Grette døra. Det enda med at Grette tok livet av heile gjengen. Etter denne bragda fann Torfinn, Grette verdig som eigar av sverdet til Kår. Slik ein siger må ein feire. Takk til Linda som laga nydeleg sjokoladekake til oss. Takk til sjåførane som gjer slike turar moglege.
|
|
|
Tuftene etter vikinghus. |
|
|
I dette området er det registrert 78 graver |
|
|
Jakt kunne gå vilt for seg. |
Grette ikkje glad for å verte sett til veggs. |
|
Det er berre å bite i det sure eplet og gje frå seg sverdet. |
Ungane var ivrige lyttarar, flinke elevar. |
|
Torfinn fekk ikkje ein gong arve sverdet etter far sin, så no er han glad det har kome til rette. |
La gå..... |
|
Takk for omvisninga. |
Gravhaugar i fleng |
|
Mat må ein ha, sjølv om det regnar. |
Vikingar finn råd. |
|
Ja, det var surt og kaldt. |
Ungane kosar seg når dei får med foreldre i leiken. |
|
Elevane delt inn i aldersblanda grupper. |
Desse gruppene har vi i ulike opplegg, verkstadar, storyline.... |
|
|
|
|
|
|
|
|
Gode venar! |
|
Samarbeidsoppgåve. |
Djup konsentrasjon når ein skal tolke runar. |
|
|
|
|
|
Marit viste kopi av det ekte gullfunnet Originalen ligg i Bergen. Rart å stå akkurat der vikingane hadde grove han ned. |
|
Heile reisefølgjet stua inn på burloftet. |
Mette og trøytte. |
|
Grette midt i striden. |
Takk til Solveig som lånte ut hagen til oss. |
|
Redeleg vis er best. |
Nydeleg! |