Storylinen:                         27.04.10 GFU

På tur for å sjå kvar skulen på Åkre stod.

Her gjekk det over stokk og stein, mo og myr.

Tysdag tok småskulen beina fatt over Skaret. Det vart oss fortalt at dette var skulevegen for elevar som budde på Austnes tidlegare. Vi hadde som mål å finne ut kvar Åkre skule stod. Marit møtte oss og viste veg, det var bra for her var det ikkje mykje restar etter gamleskulen. Vi "skritta" opp bygget og fekk eit inntrykk av storleiken både på leikeplassen og sjølve skulebygget. Det må ha vore ei kjempe fin utsikt frå klasseromma.

Vi gjekk vidare til Knut sanden, her gjorde vi opp bål og grilla pølse.

Det var stor flod og børa braut godt mot steinane. Det var utruleg mykje å finne i fjøra i dag.

 Jau då, sola skein i dag og

Hjortebad

Vi må innrømme at det var noko vått over fjellet og at råsa såg meir ut som eit hjortetråkk.

Marit markerar kvar skulen stod.

Her leika dei i friminutta.

Ikkje noko å seie på utsikta dei hadde frå klasseromma.

Lenge å vente når ein svelt som vertst.

Godt med varm drikke, ikkje mange gradene i lufta.

Smilet er på plass når vi er på tur.

Åsgard kan ikkje ligge langt vekke.

No veit vi kvar Fenrisulven er.

Tor  hadde lagt att Mjølnar, korleis skal det gå ?
Her er restar etter lenka Fenrisulven var festa i.

Det gjeld å gjere det konfortabelt.

Ny runde med grilling.

Lang, lang rekke.

Du veit vel at ein ikkje skal gå på graset om våren.

Her "balanserar" dei mellom byta.

Det var eit magisk middel på spruteflaska.