Oppdrag haust!

Torsdag 22. september hadde 1. klasse tre oppgåver knytt til temaet haust.

Etter vel utført arbeid, baud 3-. og 4-. klasse på grilling av pinnebrød.

Kjekt å få vere saman med dei store.

Oppdrag 1

Leiting etter ein lur plass å legge ting til retning.

 

Kva skjer med desse tinga ut over skuleåret?

Oppdrag 2

Kva har skjedd med rongna vår sidan sist observasjon?

 

Alle smakte på rognebær, ikkje så godt.

Oppdrag 3

Sortering av lauv.

Spikking er alltid kjekt. Ikkje noko å seie på konsentrasjonen.

 

Beate sitt perfekte bål, klar til grilling.

Pinnebrød er bra godt!

Takk til 3.- og 4.- klasse som tok så godt imot oss.