Tur til kyrkja

Vi lærer om kyrkja i RLE og då tok vi turen til vår kyrkje, som er Haram kyrkje. Etter ei lita matøkt i gangen oppe, var vi klare til å leite etter det vi hadde lært om på skulen. Vi var heldige og fann alt vi leitte etter. Vi såg på alteret, altertavla, alterringen, preikestolen, døypefonten, sakrestiet, lysgloben, kyrkjeorgelet og våpenhuset. Etter på måtte vi utforske uteområdet litt før vi gjekk tilbake til skulen.

Spennande å sjå på kyrkjeorgelet.
Kanskje får vi prøve det ein annan gong?

Flott lysglobe


Vi studerar og undrar oss litt over altertavla

Litt av eit kunstverk

Nydlege måleri i taket

Vi måtte prøve ut preikestolen. Her var det god utsikt.

Døypefonten

Vi fann eit spennande bilde i sakrestiet.

Kvifor heiter det våpenhus?

Kva er dette?

Dette skipet er fascinerande for borna.

Balansekunstner

Flott kyrkje vi har.

Vi fekk oss ein kosleg prat med Bård før vi gjekk tilbake til skulen.

Vi måtte prøve ut "pust i bakken plassen" frå gode gamle dager i barnehagen.