Ein tur, mange opplevingar.

Torsdag 5. mai var 1. klasse på tur med kyrkjegarden som utgongspunkt.

Dette skuleåret har 1. klasse hatt "Zippy-timar", her har dei teke opp ulike tema. Siste tema var døden og gravstadar. I denne samanheng la vi turen til kyrkjegarden, m.a. for å sjå kva symbol og pynt som var vanleg på gravstøtter. Vi la inn nokre andre mål på vegen til og frå. Vi leita etter våren, ut frå mengda av vårteikna , er det ingen tvil - no er det vår.  Vi lytta etter fuglar og prøvde få auge på dei. Vi høyrde mykje fuglekvitter og med litt tolmod fekk vi auge på fleire artar.

Kyrkjedøra stod opa og vi fekk lov til å sjå etter ting vi tok opp kring påske. Jau, Jesus hang på krosset på altertavla, det stod INRI over krosset, disipplane var der, nattverda osv. Sjå. eit skip i taket - kvifor det?         Vi har lært om den gamle kyrkjestaden på Haram og fekk sjå kva dei hadde teke med frå kyrkja der.

Ute på kyrkjegarden såg vi på eldre og nyare graver. Vi studerte kva symbol som var vanleg å ha på støtta.  Vi såg på minnesmerka. Falne under krigen gjorde inntrykk på dei, noko som vart forsterka gjennom militærøvinga som gjekk føre seg ute på fjorden. Heldigvis var det ein som visste at dei  forsvare oss! Denne komentaren sa dei seg fort einig i.

Vi fekk og tid til å leike i fjøra. Mykje spanande å finne.

 

Siste briefing i sofakroken før klarskotet går.

Har alle.................?

Mykje har skjedd med rogna vår sidan sist vi granska ho.

Å, få kjenne på han!

 

Korleis kjem presten seg opp på preikestolen, eigentleg?

 

Jau, Jesus hang på krossen i kyrkja.

Kvifor heng det eit skip i taket?

 

Gravene i Polen ligg og slik på marka.

Dei har bilete og blomster.

Krigsminnestein

Inntrykka her vart kraftig forsterka då dei høyrde skyting frå krigsskipa som hadde øving ute i fjorden

Full action!

  Eksempel på symbol på gravstøttene.

                  

Godt med ei lun krå.

Er dette ei grav? Kven er det i tilfelle som ligg her?

(Funne i fjøra)

På veg heim hjalp vi Vegard med å henge opp banner.

Vi fekk og øvd på eit skikkeleg heiarop.