1.- og 2.- klasse på haust-tur til Varden.

Torsdag 23. september var 1.- og 2.- klasse saman på tur. Første stopp var rogna vår. Var det noko endringar her? Jau, fargane på blada hadde vorte mørkare og nokre av bæra hadde vorte brune. Sjå, det ligg blad på bakken!

Regnet hadde letta, men råsene bar preg av mykje nedbør, så vi plaska oss opp til Varden. Oppdraget var å sjå etter hausten, frø og å finne ein fin ting. Her vart det funne fine blad, fine kongler, fine fargar......Mykje av det fine kunne vi ikkje ta med, men lagre som nydelege "bilete". Dette knyt vi til at vi i RLE snakka om den herlege jorda vår

Hausten er nok på sterk frammarsj. Bjørka var ganske gul og skogbotnen bogna av fargerike soppar.

Vi høyrde etter kvart ei prupling og preiking og nokre toppluer kom til syne over bakketoppen. Barnehagen hadde turdag. Det vart stor gjensynsglede mellom gamle venar og søsken.  Spanande å leike i lag.

På tampen dukka 3.- og 4.- klasse opp. Det vart folkerikt og hyggeleg på toppen.  Super utedag!

Aldersblanding

Gjensynsglede