Godt med gulerot frå Ulla

I dag tok 2. trinnet turen til Ulla. Der fekk vi kome på besøk til ein åker med poteter og gulerøter. Det var stas å få ta opp poteter og gulerøter sjølv. Nam nam! Ullagulerota er verdens beste! Etter dette var det tid for å lage grønsaksuppe. Den vart veldig god. Det smakar ekstra godt når ein har laga det sjølv. Dagen vart avslutta med eit herlig bad på Ullasanden. Fantastisk å få slike dagar i september. Tusen takk til kjekke foreldre som hjalp oss med køyring.  Under følgjer litt bilder frå dagen