Rakettdag på Røhammeren

Det er mykje kjekt ein kan finne på å leike når ein finn ein grill i skogen. Den var alt frå rakett som for ut i verdsrommet, til ei tidsmaskin som reiste tilbake til den tida då dinosaurane levde.Inne i skogen var der også fine hytter. Der vart det sett opp juletre som vart pynta til jul. Innimellom leiken pausa vi ved bordet på Røhammeren og kosa oss med varm kakao, niste og mandarinar.Vi fekk nyte den fantastiske utsikta og lærte namnet på fjellet på Lepsøya, nemleg Goaldet. Vi hadde ein herleg utedag i strålande sol.

Klassebilde

Jentebilde

Gutebilde

Ut på tur , aldri sur....

Snart framme

" Krybba" til Jesusbarnet

Utan mat og drikke....

Flott utsikt.

Her er juletreet ferdig pynta.

Dør med boge inn til ei flott hytte

Vi har det fantastisk fint her ute !

Litt glatt var det også.