RIPSBÆRDAGEN

 

I dag gjekk turen for 2.trinnet, til Jogeir sin hage. Der hadde vi avtale om å få plukke så mykje rips vi ville. Målet var å fylle saftkokaren vi hadde med + litt til dessert. Plukkinga gjekk som ein draum og målet vart nådd. Så vandra vi tilbake til skulen for å lage ripsgele + renske bær til dessert. Då vi hadde fått bæra på koking var det full sving med rensking. Gjett om det var godt med rips, sukker og vaniljesaus. Jammen vart det mange glas med ripsgele også. Under kjem litt bilder frå ein kjekk utedag.
Herlig! No blir det spennande om geleen blir stiv.