Symboljakt i kyrkja

2. klasse lærer om kristne symbol i RLE i tillegg til at dei skal utforske den lokale kyrkja. Då var det kjekt å få ta seg ein tur inn i den flotte kyrkja vår på jakt etter symbol. Dei fann mange symbol rundt om, både i tak, på veggar og på messehaklane som presten viste oss. Vi lærte også ein del ord knytt til kyrkja og kyrkjerommet. Vi såg på alteret og altertavla, preikestolen, kyrkjebenkane, våpenhuset, døypefonten og lysgloben. Alle fekk velje seg eit symbol som dei skulle teikne. Tilbake på skulen skreiv vi og teikna i utebøkene våre.

Symbola for dei 4 evangelistane:
Matteus, Markus, Lukas og Johannes

Ørna symboliserar Johannes

Eit menneske med vingar eller
engel med vingar er symbolet for Matteus.

Løva med vingar symbol for Markus

Okse med vingar symbol for Lukas

Skipet er eit symbol for dei truande si
reise gjennom livet.

Korset er det viktigaste kristne symbolet.
Dua er symbolet for den heilage ande.
Kalken symboliserar Jesu blod.

Lammet symboliserar Jesus som Guds offerlam.

Drueklasar symbol for vin.

Messehakel med kornaks.
Den grøne fargen tyder vekst

Akset symboliserar brødet.

Messehakel med Kristusmonogram.
X og P er dei to første bokstavane i ordet Kristus.

Raud messehakel med kors.
Raudfagen står for ild og blod, men også kjærleik.
 

Høna som vernar kyllingane sine.
Symbol på Kristus som vernar sine.
 

Eit sjeldan symbol.

Døypefonten

Altaret og altarringen.

Her studerer vi detaljar i den fint utskorne altartavla.
 
Lysgloben med Kristuslyset.

Vi måtte prøve ut preikestolen.

Preikestol

Spennande å høyre om våpenhuset.
Så var det tid for teikning. Alle fekk velje seg eit symbol å teikne.

Litt grått på heimveg, men vi vandra med freidig mot..

Flott jobbing i utebøkene.
Ein lærerik skuledag er over. Vi har lært mange kristne symbol og mange ord i kyrkjerommet.