Plaske , plaske ut på tur....

Det vart ein våt turdag for oss i dag, men pytt kva gjer vel det. " Vi tøle vatn". Ja, vi er meir som vikingar kom vi til. 2.kl tok turen via Vetteplassen og " Lissjemyra" før dei ankom Varden. 3. og 4. klasse var innom plassen der gapahuken skal kome og inspiserte der før dei kom til Varden. Det er alltid kjekt å kome til Varden. der blir verdens beste hytter til og det er masse kjekt å finne på. Vi må nok innrømme at det var godt å kome inn igjen i dag. Koslig var det rett og slett. Då dempa vi lyset, åt mandarin og jobba i utebøkene våre.
Friskt å kome seg ut og få bruke kroppen. Om det er litt regn og rusk så gjer det ingenting:)