|
"
Vil du vere med, så heng på ! "


|
| I dag var det eventyret om
Askeladden og dei gode hjelparane som stod på programmet til 3. og 4.
trinnet. Vi leika og dramatiserte i skogen ved Røhammaren. Vi hadde ein
flott dag i skogen. Det er alltid spennande ting å finne på her oppe.
Ein passande lang utedagstur. På heimvegen fekk vi godt med regn, men
kva gjer vel det ! Då er det koslig å kome tilbake til skulen, få varmen
i seg og nyte ei stille stund medan vi skriv og teiknar i utebøkene
våre. |
|

Askeladden ombord i skipet |

Han som kunne høyre graset gro |
|

Han som støtt var så kjøttsvolten at
han måtte ete gråstein. |

Fleire og fleire vart med i skipet. |
|

Han som kunne sjå skarpt til verdens ende |

Han som støtt var så tørst at han
saug på tønnetappen. |
|

Han som var så lett på foten at han raskt
kunne springe til verdens ende for å hente
tevatn til prinsessa. |

Han som hadde 7 somre og 15 vintre i kroppen |
|

I badstua der dei fyrte 300 famner med ved |

Askeladden har fått prinsessa og halve kongeriket |
|

Vi fann ei død spissmus på vår veg. |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|