Symboldagen


 

 

I dag hadde vi ein spennande tur til kyrkja. Vi skulle på symboljakt. Vi har ei fantastisk flott kyrkje som har mange symbol rundt omkring i kyrkjerommet. Vi leita rundt i heile rommet. Så fekk alle velje seg ut eit symbol og teikne dette. Til slutt hadde vi matpause oppe i gangen. Turen til og frå kyrkja var veldig fin. Ein herleg vinterdag med klarvèr og sol.
 

Symbola for dei fire evangelistane:

Matteus : Menneske med venger


Markus : Løve med venger


Lukas : Okse med venger


Johannes : Ørn


Englar i taket


Fleire englar

 


Diverse symbol på alterduken
Dua er symbol for Den Heilage Ande

 


Kyrkjeskipet  er eit symbol på
 dei kristne si reise gjennom eit farefullt liv.
 Med Jesus ombord vil ein kome trygt i hamn


Druer er eit symbol for vinen/
blodet i nattverden


Palmegreiner er eit symbol for siger


Høna er eit bilde på Jesus som vernar sine,
har omsorg for sine


Korset er det viktigaste kristne symbolet.
Det skal minne om Jesu død på korset
 for menneska.


Lammet er eit bilde på Jesus som
det lytelause offerlammet.

Ein flott dag med fantastisk fint vèr.

Vi fann dei fleste av symbola vi held på å lærer om.
Så vi var godt nøgde med symboljakta vår.