Forsking på blomster og tre

I dag var det tid for innspurten på temaet plantar og tre. Dei tre siste vekene har vi jobba mykje med dette emnet og har lært oss namnet på mange tre og planteslag. På bilda ser du to av forsøka vi utførte . Vi sjekka kva som skjedde inne i plasposane som vi knytte rundt ein seljekvist med nyutsprungne blad, og vi sette kvitveis i raudt og blått vatn. I tillegg laga vi fine blomsterbilde som vi laminerte. 2.trinnet laga god rabarbrasuppe til oss. Godt med varm suppe når ein er våt og kald.

Her er eit furutre

Grantre

Kvist av ei rogn.

På leit etter skogfiol, kusymre og kvitveis

Forsøk med konditorfarge. Det skjedde ikkje noko i dag.
Det vert spennande å sjå i morga

Vi fann ut at treet " pustar"

Kokkane i sving

Fint oppkutta rabarbrabitar vert sett på kokuing

Sukker må til

Nam, nam ! God og varm rabarbrasuppe

Godt å varme seg på!


Rabarbrasuppa var desserten etter nista i dag.

Fleire kokkar i sving på stormkjøkkenet.

Suppa fall i smak.

Rabarbraplanten er fascinerande

Rabarbraen er allereie i blomst.

Gøy som paraply !

 
Desse tre, og plantenamna har vi hatt som mål og lære desse 3 vekene : Bekkeblom, kvitveis, kusymre/gull i gull, jonsokblom, rosenrot, løvetann, hestehov, skogfiol, furu, gran, rogn, bjørk, selje. Elevane har jobba på mange ulike måtar for å lære seg namna. Det har vore kjekt og spennande. Så får vi sjå i morga tidleg om det har skjedd noko med kvitveisen i fargevatn.