Fantastisk skøytedag på Stormyra
   
  
 

Speglblank og fin låg isen der klar til oss då vi ankom Stormyra i dag. Strålande sol skapte reine idyllen der oppe på fjellet. Kjekt for alle frå 1. - 4. trinn å få erfare skøyteisen. Mange fekk prøve skøyter for første gong. Elevane var kjempeflinke. Fleire fekk skikkeleg dreisen på skøytene. I tillegg var det deilig berre å site i sola og nyte varm kakao og niste. Vi er jammen heldige som kan gå frå skulen og vere framme ved flott skøyteis på mellom 20 og 30 minutt. Fantastisk utsikt er det også.

Flott utsikt!

Godt å varme seg på kakao

God og varm kakao. Nam! Nam!

Kjekt med ei hjelpande hand.

Spennande å studere isen!

Ikkje alltid så lett å få på seg skøyter

Skøyteis er topp!