1. og 2. klasse på tur i Hallgeir-fjøra.                   (20.08.09)
2. skuledag la vi ut på tur. Her var det mange som hadde vore på tur før. Flinke elevar.

Det kom eit flygande teppe inn til oss på klasserommet. Inne i det låg det eit brev frå Aladdin, han fortalte at han hadde vore ein flygetur til Haramsøya og leika seg i fjøra.

Han bygde sandslott og hadde med god mat. Han fekk haik med ein båt og i farta reiste han frå både teppet og reisebrevet han held på å lage. Brevet laga vi ferdig for han.

I dag skulle vi prøve å finne fjøra han hadde vore i. Her var lite sand å bygge slott av, så vi er ikkje sikre på at vi var på rette staden, vi får leite fleire gongar.

Krabbar var her mykje av. Fruktkiosken var open og salet gjekk strålande. Det var kjempe stor flo. Flott temperatur. Kan ein betre ha det ?