Jettegryter, plantar og sandslott

Turen i dag gjekk fjørevegen frå Ullanausta og utover til Kattagjølet. Vi gjekk på jakt etter jettegryter og spennande bergformasjonar på vegen ut mot sanden der vi skulle vere. Undervegs fann vi masse spennande: skilpadde, ørner, hestar, dinosauregg ,Sid frå Istid 2 + mange flotte jettegryter. I tillegg stoppa vi opp og lærte namnet på plantane: kusymre,bekkeblom og rosenrot. Vel framme vart elevane delt i to, eit jentelag og eit gutelag. Oppdraget i dag var å bygge det finaste og mest kreative sandslottet. Ros til begge lag for super innsats. Under følgjer litt bilder frå ein kjekk utedag i Ullafjøra. Ein dag med mykje aktivitet og kreativ tenkjing.
Nydlege blomar

Kusymre

Bekkeblom

Rosenrot

Flott jettegryte

Hest

Dinosauregg

Pinky hola

Sabeltannhola

Fornøgde jenter framfor slottet sitt

Ein krabbe som har pynta seg

Godt med ein matbit innimellom jobbinga

Fornøgde gutar framfor sitt stilige slott