På tokt med Leiv Eiriksson

I dag hadde vi ein spennande dag på Ullaholmen. Vi leika at vi var Leiv Eiriksson med mannskap. Vi oppdaga Vinland. Mykje rart å finne i fjøra. Alle hjalp til med å bygge vikingskipet til Leiv Eiriksson. Vi lærte også mykje om landskap og landskapsformer og korleis landskapet har vorte forma. Masse spennande bergartar på Ullaholmen. Skurer, striper, lagdelte bergartar, folda bergartar og flotte bergformasjonar danna av havet. Vi fekk også sjå grågåsreir og utkikspostar for havørna. Ein utruleg spennande, artig, kreativ og morosam dag. Gøy å få leike med alt det rare vi fann i fjøra. Det vart til skobutikk, flaskebutikk og bowlingbane.Under følgjer bilder frå dagen.
Spennande og litt skummelt med grågåsreir. Skummelt når grågåsa flaug opp frå reiret. Spennade å få sjå dei store egga.

Mange flotte bergformasjonar yst ute på Ullaholmen

Herlige plassar å ete nista si på:)

Naturen har supre sklier!

Vikingskipet til Leiv Eiriksson tek form


Den største mastra må på plass

Klar til segling
 

Travelt å ro store vikingskip. Litt kvile må til.

Skipet har tatt form
Land i sikte ! Skal tru om det er Vinland? ( Amerika)


Mannskapet har berga seg opp på isflak etter ei kantring

    Hemleg gøymestad for fine ting


Var det her Leiv Eiriksson budde?

Utkiksplass

Denne karen traff vi på heimveg

Ein herleg dag med mange flotte opplevingar