Nepal: Kven er dette ?
Alle ting tek slutt ein gong. Det var trist å ta avskjed med Omis, men han lovte å sende oss bilete og film.

Det var godt å vete han hadde det bra.

Tett før retur, var det nokon som kom smygande inn til oss.

Yetien hadde funne seg mange gode venar.

Her har han fått lånt ein bamse dei syntes passa for han.

Yetien vile bli med venane til Noreg.

Korleis skulle vi få han på flyet? Jau, han måtte sjå ut som ei gamal dame.

Veska kunne brukast til å forsvare seg med viste det seg.

 

Trangt på bussen til flyplassen.

Vi var spente på korleis det gjekk i passkontrollen.
"Besta" var skeptisk på flyet. Godt med ei hand å halde i. Hjelp, dette tørs ikkje æg.
Flinke flyvertinner gjorde at vi fekk ei fin reis

Klar for landing i Norge.

Flygaren har hatt ein minneverdig tur.

Yetien var med oss til skulen, men han har litt lærarskrekk. Han ville helst vere ute i skogen. Vi såg ikkje så mykje til han, før han dukka opp på foreldrekafeen. Her kviskra han at han ville tilbake til Nepal, det var nokre store dyr med horn han var litt redd for. Han skulle prøve å kome seg om bord i båten til Palmer. Noko som sikkert har lukkast, vi har i alle fall ikkje sett meir til han.
Vi har sett kor fint Omis har det på barneheimen. Her har han mange vener, får god mat og får gå på skule. Vi vil så gjerne hjelpe han og venane der. Vi kunne ha ein foreldrekafé. Dei øvde inn songar, som dei framførste med stor iver. Dei fekk fortelje om nokre opplevingane i Nepal. Dei selde kunstbilete, (som eigentleg var kart over kvar yetien bur, men det er hemmeleg). Eplekake, sjokoladekake, vaflar og kaffi gjekk unna. I tillegg selde dei varer vi hadde med frå Nepal.

 Dei samla inn heile 3500 kr. Takk til alle som kom og støtta oss.